Hopp til innhold

Fred Ove spelte nett-rollespel mot mannen som prøvde å drepe han

Fred Ove Løtuft (17) brukte erfaringane frå dataspelet «World Of Warcraft» til å gøyme seg for terroristen på Utøya. I ettertid har han blitt klar over at han har spelt spelet mot Anders Behring Breivik på nett.

Fred Ove Løtuft

GØYMDE SEG: Fred Ove Løtuft gøymde seg for terroristen på Utøya.

Foto: Øystein Torheim/BT

– Eg fekk ei ekkel kjensle av at eg har spelt i to-tre timar saman med han som har forsøkt å drepe meg, seier tenåringen frå Gloppen til Bergens Tidende.

17-åringen klarte å gøyme seg for Behring Breivik då han byrja skyte ned ungdomar på Utøya 22. juli i fjor. Då Kafébygget på øya vart angripe var den første tanken til Løtuft og finne ein god gøymestad. Dette har han lært av dei mange spela han har spelt på internett.

Ved eitt høve skal han også ha spelt eit slikt spel mot terroristen som drap 77 menneske i Oslo og Utøya 22. juli.

Trudde ikkje spelmotstandaren kunne gå amok

Fred Ove Løtuft overlevde angrepet på Utøya. Bak greinene på eit stort tre gøymde han seg saman med ein kamerat, medan Anders Behring Breivik gjekk rundt på øya og skaut ned venner og andre AUF-arar.

Seinare har Løtuft blitt klar over at han har spelt nettspelet «World of Warcraft» med nettopp Behring Breivik. Dette skal ha skjedd for tre-fire år sidan, då dei to spelte saman i nokre timar.

– Eg har funnet ut at han har spelt på «World of Warcraft»-serveren Dunemaul. Der spelte vi saman i to-tre timar.

Den framtidige terroristen kalte seg Andrew Berwick og ga seg ut for å vere frå Finland og leia ein speleklan kalla Knights Templar.

Løtuft fortel til Bergens Tidende at han fekk eit godt inntrykk av den framande spelmotstandaren.

– Han verka ikkje som ein fyr som kunne gå amok og skyte ned ungdomar, for å seie det mildt, seier Løtuft som opplevde det som eit sjokk då han seinare vart klar over kven det var han hadde spelt med.

«World of Warcraft» er eit online-rollespel der spelaren får oppdrag som han må løyse saman med andre spelarar. Spelaren kan få oppdrag som mellom anna går ut på å gå i krig, og karakteren veks seg sterkare frå nivå til nivå.

Gåve til seg sjølv

Behring Breivik har i avhøyr forklart at det å spele «World of Warcraft» i eit år var som ei «martyrgåve» til seg sjølv. Spelinga skal også ha fungert som alibi når han isolerte seg for å planlegge terrorangrepet, skriv Bergens Tidende.

Førsteamanuensis Faltin Karlsen er forskar på dataspel ved Norges Infromasjonsteknologiske Høgskole. Han seier til avisa at han ikkje trur slike spel kan ha fungert som trening for dei som vart angripne på Utøya, og heller ikkje som trening for Behring Breivik.