Hopp til innhold

Spelte med midtstoppar som spiss – tok poeng i årets vanskelegaste bortekamp

Sogndal-trenar Eirik Bakke overraska og starta med den 18 år gamle midtstopparen Ulrik Fredriksen som midtspiss, og tok med seg eit knallsterkt bortepoeng.

Eirik Bakke

SKUFFA: Trenar Eirik Bakke skulle ønskje dei kunne reise heim med alle tre poenga.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi sette Ulrik Fredriksen som spiss fordi han spring masse og Martin Ramsland er ute med skade, seier trenar Eirik Bakke til Eurosport like etter kampslutt.

Det var Aalesund som starta best og hadde ein kjempesjanse i opningsminutta med eit stolpeskot.

Nærast scoring

Sogndal kom betre og betre inn i kampen og i andre omgang var dei det beste laget. Stanisa Mandic var nærast scoring med eit skot som gjekk via stolpen og ut. Kampen enda til slutt 0-0.

Uavgjort er eit resultat Sogndal ville ha vore godt nøgd med før kampen, borte mot eit lag alle ekspertane har tippa som vinnar av årets førstedivisjon.

– Eg tykkjer dette var eit steg i rett retning, og det er mykje positivt å ta med seg herifrå. Men slik kampen utvikla seg, så er vi litt skuffa over at vi ikkje tar med oss alle tre poenga. Men alle poenga er viktige mot slutten av sesongen, seier Even Hovland til Eurosport.

Skuffa trenar

Trenar Eirik Bakke er skuffa over det ikkje blei siger i dag. Han meiner Sogndal var det beste laget og at dei vaks inn i kampen.

– Vi var nærast sigeren og eg er skuffa over at vi ikkje vann. Aalesund hadde knapt eit skot mot mål, utanom ein tidleg sjanse. Elles var det stillingskrig og vi var solide i det vi gjorde, seier han til NRK.

– Bar kampen preg av å vere ein opningskamp?

– Eg er oppteken av å gjere ein god prestasjon, og eg er veldig positivt overraska over gutane som fekk sjansen i dag. Det er dette vi skal byggje vidare på. Poenga får vi etter gode prestasjonar. Vi fekk eitt i dag, men eg er litt skuffa over at vi ikkje fekk alle tre.

Laster innhold, vennligst vent..