Hopp til innhold

Spelte inn plate i nedlagt skulehus

Sigrid Moldestad har toneset dikt av Jan-Magnus Bruheim. No speler ho inn plate i diktaren sin gamle heim – eit nedlagt skulehus i Botnane i Bremanger.

– Eg synest det gjev ein ekstra dimensjon å vite at Bruheim sat her og arbeidde. Me har arbeidsro, og eg tenkjer at kanskje var det det han også fann her ute.

Neste år er det 100 år sidan diktaren Jan-Magnus Bruheim vart fødd. Bruheim vaks opp i Skjåk i Gudbrandsdalen, men reiste seinare ut til Botnane for å skrive.

Musikaren Sigrid Moldestad har teke med seg band og produsent til Botnane. Der speler dei inn ei plate i det gamle skulehuset som Bruheim budde ifrå 1978 til 1985.

Jan Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim

Foto: Mattis Thoresen / Sunnmørsposten

«Det er ein litt nostalgisk, fin tanke at han sat her.»

Sigrid Moldestad

– Han lengta ut mot sjøen, så difor reiste han hit for å skrive då han fekk tips om at det stod eit tomt skulehus her ute, fortel Moldestad.

Det tyder mykje for Moldestad å vere nett her ute i skulehuset kor Bruheim heldt til.

– For meg var det veldig fint å få vere her ute i sumar og sjå plassen kor han har budd og arbeidd så mykje. Då det viste seg at skulehuset var brukande til å spele inn i, så var det ein litt tiltalande tanke.

– Me sit inne i botn av ein fjord, her, og havet er rett utanfor. Samstundes er me lukka inne av høge fjell.

Sigrid Moldestad gjer opptak i eit gammalt skulehus. Foto: Idun Fivelstad / NRK

KUNSTNARISK STUDIO: Sigrid Moldestad gjer opptak på eit lite soverom. Foto: Idun Fivelstad / NRK

Frå skulestove til studio

Skuleinteriøret er no bytt ut med instrument. Det er kablar og leidningar overalt. Moldestad, produsenten og dei andre musikarane vekslar mellom å sitje i kvart sitt rom og arbeide med hovudtelefonar på øyro og å spele saman på kjøkenet.

– Det er utruleg effektivt å arbeide på denne måten. På nokre dagar har me spelt inn 13 låtar, noko som elles brukar å ta mykje lengre tid, seier Moldestad.

– Det er alltid spennande å sjå kor slike prosjekt tek ein hen. Me har hatt ei veldig open tilnærming. Me ana ikkje korleis dette kom til å høyrest ut då me fyrst kom hit. Ein har alltid ein idé, men det blir aldri heilt slik som ein har tenkt – og det er jo berre positivt.

Artikkelen held fram under biletet

Speling på kjøkenet

Speling på kjøkenet.

Foto: Idun Fivelstad

Brevet til kjærleiken

Det har ikkje berre vore enkelt å tonesetje andre sine dikt, men somme dikt og samlingar har fengt Moldestad meir enn andre.

– Eg har lese gjennom store mengder dikt. Bruheim var utruleg produktiv.

– Det er ikkje alt som tiltaler meg like mykje, så det har vore stunder der det har vore vanskeleg å bli ordentleg glad i alt. Men så kjem det plutseleg gullkorn som treffer meg veldig.

Diktsamlinga Brevet til kjærleiken er noko av det som har treft Moldestad mest.

Brevet til kjærleiken har vorte leietråden min i dette prosjektet. Det er også arbeidstittelen, og eg trur det kjem til å bli namnet på sjølve plata som kjem i februar. Her står naturlegvis kjærleiken i sentrum – naturen, mennesket og den romantiske kjærleiken.

Kato Ådland

Produsent og gitarist Kato Ådland.

Foto: Idun Fivelstad