NRK Meny
Normal

Spelar inn musikkvideo på kunstgras

Plata Solar Plexus fekk kjempekritikkar, no spelar Thea Hjelmeland inn enno ein musikkvideo. Åstad: kunstgrasbana i Førde.

Thea Hjelmeland spelar inn musikkvideo

DYSTER LINEDANCE: Under innspelinga av musikkvideoen hadde Thea Hjelmeland fått med seg danseglade pensjonistar frå Dale, Førde og Jølster, her i svarte cowboyhattar og masker.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Mikal Hovland frå Dale er regissør for «Your Well» og det som allereie er musikkvideo nummer to til plata som kom tidlegare i månaden.

Laurdag hadde han fått med seg ein gjeng pensjonistar og danseentusiastar frå Førde, Dale og Jølster. Innspelinga gjekk mellom anna føre seg på kunstgrasbana framfor Førdehuset.

– I filmen har vi brukt mykje natur frå Sogn og Fjordane. Difor ville vi ha litt kontrast til all naturen vi filma, men som på same tid er typisk for fylket. Slik som mellom anna Dalsfjordbrua, inne frå tunnelar og her på kunstgrasbana, seier Hovland.

Musikkvideoen handlar om eit par som har vore saman ei stund og som no er på veg til heimbygda for å kome seg litt vekk.

– Filmen følgjer dynamikken mellom dei to idet dei oppsøker plassar dei kjenner frå før, seier Hovland, som håpar å kunne presentere resultatet allereie om to-tre veker.

Mikal Hovland har regien

LOKAL REGI: Regissør Mikal Hovland frå Dale (til venstre) under første dag av innspelinga på laurdag. Her med fotograf Rune Kongsro, nordlending frå Oslo.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK