Hopp til innhold

Trudde han berre hadde ei forstuing – tok over som keeper med brot i handa

Mats Solheim avslutta sesongen med å spele åtte kampar med brot i handa. No er han glad han ikkje redda, då han på tampen av ein kamp måtte stå i mål på straffespark...

Mats Solheim

SVENSK JUBEL: Mats Solheim scora to mål for Kalmar i Allsvenskan i år. Han har eit halvt år igjen av kontrakten, og veit ikkje kva som skjer etter det.

Foto: Patric Söderström / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

– Eg trudde det berre var ei forstuing, men no viser det seg at eg har spelt med brot i handleddet, seier Mats Solheim.

Stryningen er nyleg ferdig med sesongen i den svenske toppklubben Kalmar, der han noterte seg for årets andre mål i 1-1-kampen mot AIK. Etter kampen var Solheim til røntgen, der det vart konstatert brot.

– Eg har spelt litt golf etter at eg fekk skaden, og sa til kameratane mine at det gjorde vondt. Eg fekk berre beskjed om å halde kjeft, ler han.

Håpar å få operert handa raskt

Den tidlegare Stryn- og Sogndal-spelaren meiner han må ha fått skaden på trening for fem-seks veker sidan. Eit hardt skot frå éin meter trefte handa hans, og det var nok til at eit bein i handleddet knakk.

– Brot i handa er kanskje ikkje det verste for ein fotballspelar?

– Nei. Eg tek lange innkast, og det har gått greitt. Men då vi fekk keeperen vår utvist i ein kamp mot Örebro, sa eg at eg hadde stått i mål før – og at eg kunne vere keeper dei siste fem minutta. Så då stod eg i mål på straffesparket. I ettertid ser eg at det er bra eg ikkje redda, humrar han.

No håpar han å få operert handa så snart som råd. For sjølv om sesongen er over, er han interessert i at ting skal fungere optimalt til oppkøyringa til ein ny sesong.

Har eit halvt år igjen av kontrakten

Mats Solheim har vore fast på laget som vart nummer 11 i Allsvenskan. Der blir han satsa på som back. Han vil gjerne delta i det offensive spelet, og det har blitt to nettkjenningar for Kalmar i år.

– Eg meiner vi som lag kan mykje betre. Men personleg er eg nøgd med sesongen. Eg har vore stabil defensivt, og eg er med ein god del offensivt, seier 26-åringen.

Solheim har eit halvt år igjen av kontrakten med Kalmar. Førebels har han ikkje skrive ny kontrakt med svenskane.

– Vi får sjå om dei vil ha meg med vidare. Så får eg ta ei vurdering på kva som skjer vidare når det er avklart, seier han.