Hopp til innhold

Spelte bukkehornsjazz i gamle fjellgruver

ÅRDAL (NRK): Fleire hundre menneske valde å gå den timelange fjellturen frå Øvre Årdal til Blåberggruvene søndag. Der fekk dei sjå den kjende jazzmusikaren Karl Seglem i heilt særeigne omgjevnadar.

Konsert i grotta
Foto: Ådne Dyrnesli

– Det var nok mellom 250 og 300 menneske som tok turen til gruvene. Så det vart rett og slett ein kanonsuksess, jublar Kjetil Thorbjørnsen, som er ein av initiativtakarane til arrangementet.

Det var både diktlesing og musikk frå fleire ulike artistar søndag ettermiddag, men hovudattraksjonen var likevel jazzmusikaren Karl Seglem. Han er kjent for sin eksperimentelle blanding av jazz og folkemusikk, gjerne med bruk av bukkehorn.

Les også: Her var det gruvedrift for 300 år sidan

I fjellgruvene i Årdal var musikken hans i sitt rette element,

Karl Seglem

GOD KJENSLE: Karl Seglem likte å spele i gruva.

Foto: Ådne Dyrnesli

– Eg likar meg veldig godt i slike rom. Det er jo ein utfordring på mange måtar, men det gir også ein motstand til musikken som eg likar veldig godt. Eg har ein veldig god kjensle etter konserten, seier Seglem.

Ellen Harrison er ein av dei andre musikarane som fekk spele i gruvene søndag, og også ein av initiativtakarane bak arrangementet. Ho spelte sine eigne sonar for folk for første gong.

– Eg må seie at det var ikkje den verste staden å spele sine eigne songar for første gong, og slettes ikkje dei verste musikarane å gjere det i lag med. Eg er heilt superfornøgd med heile greia. Det var heilt fantastisk!

Gruvedrift på syttenhundretalet

Blåberggruvene i fjella over Øvre Årdal stammar frå den tida det var gruvedrift etter kopar i området. Kopargruvene i Årdal vert rekna som det første industriverksemda i Sogn og Fjordane, og i Blåberggruvene var det drift fram til 1765.

– Når vi har sett kor godt dette fungerte, gir det meirsmak til å prøve fleire gonger. No må vi likevel få lande litt etter denne opplevinga, før vi tenkjer vidare, seier Ketil Thorbjørnsen.

Arrangementet i blåberggruvene har fått namnet «Fjelljom» og er ein del av festivalen Målrock.