Hopp til innhold

Spelaropprør i Sogndal

- Fullstendig uprofesjonell oppførsel av leiinga, tordna Morten Christensen etter uavgjort mot Stavanger.

Morten Christensen
Foto: Arve Uglum / NRK

- Vi er ti spelarar som har kontrakter som går ut. Ingen har fått eit einaste signal frå leiinga om kva som skjer framover og de er klart vi er kjempefrustrerte, seier midtstoppar Morten Christensen som sit i spelarutvalet i Sogndal Fotball.

Les også: Uavgjort på Fosshaugane

Ti utan kontrakt

Les kampreferat frå Sogndal - Stavanger her

- Vi er ti spelarar som har kontrakter som går ut. Ingen har fått eit einaste signal frå leiinga om kva som skjer framover og de er klart vi er kjempefrustrerte. Eg tenker ikkje så mykje på meg sjølv, men på spelargruppa. Folk håndterer dette ulikt, seier midtstoppar Morten Christensen.

Kampen mot Stavanger ebba ut med 1-1 noko som gjer at Sogndal høgst sannsynleg rykker opp til eliteserien dersom dei vinn borte mot leiarlaget Hønefoss i siste seriekamp. Men i det klubben går inn i si viktigaste veke på lang tid er det heilt andre ting som opptek spelarane.

Reagerte på avisuttale

Det var ein artikkel om dei mange spelarane utan kontrakt i Sogn Avis på torsdag som fekk det til å flyta over for spelarane. Der vart dagleg leiar Yngve Hallén sitert på at "på dei (spelarane) eg har prata med verkar det som at dei tykkjer det er greitt å vente til etter sesongen".

- Eg veit ikkje kven han har snakka med. Det er ikkje meg i alle fall, seier Christensen, som bevisst har venta til etter kampen mot Stavanger med å svare.

Hallen meiner på si side at han er feilsitert i avisa.

- Det har påverka oss

- Det er klart dette påverkar oss. Fleire av oss har familie og små ungar. Det er vanskeleg i kvardagen når vi ikkje veit kva som skjer etter årsskiftet, seier Tarjei Dale.

Dale, Christensen, Anders Stadheim, Daniel Lubiniecki, Lukaz Nadolski, Rune Bolseth, Oddbjørn Skartun pluss leigespelarane Tomasz Grabowski, Kenneth Kvalheim og Jon Midttun Lie står alle utan kontrakt etter denne sesongen.

- Høyrer ingenting

- Det er lenge sidan det blei klart at Harald Aabrekk skulle trene oss neste år. Dermed burde ein vite litt om kva ein vil i framtida, men vi høyrer ingenting frå "dei på kontoret" og det er klart det påverkar oss, seier Dale.

- Kva tykkjer du om at dette får lov til å toppe seg no, når eg går inn i den viktigaste veka for Sogndal på lang tid?

- Det seier seg sjølv. Dette kunne dei unngått, seier Christensen.

- Vi må ordne opp

Avtroppande trenar og sportsleg leiar Karl Oskar Emberland er tydeleg ukonfortabel med at denne saka når overflata akkurat no

- Dette må vi få ordna opp i før Hønefoss-kampen. Det er ikkje bra å ha dette hengande over oss no, seier Emberland

- Me de får vel ikkje ordna opp i alle kontraktene på ei veke?

- Nei, men me må gje dei nokre signal, seier han.