Hopp til innhold

Spelar poker med lånte bankkort

Ungdom som ikkje er gamle nok til å spele poker på Internett, lånar bankkort av eldre kompisar for å få tilgang til pokersidene. Politi og bankar ber no innehavarane av bankkorta om å ta betre vare på kredittkorta sine.

Nettpoker.
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Nettpoker
Foto: Arne Eithun / NRK

Ungdom under 18 år har ingen tilgang til pokerborda på nettet. Men med eit lånt kredittkort kan vegen inn likevel vere kort, skriv Sogn Avis.

- Som alt anna på Internett er det ganske fritt fram når du kan registrere deg i andre enn ditt eige namn, seier ein 17-åring, som NRK Sogn og Fjordane har snakka med.

17-åringen vi møter lånar ikkje bankkort, men betalar elder kameratar pengar for at dei skal opprette ein konto til han på pokersidene. Han kjenner likevel mange som lånar vekk kredittkorta sine til mindreårige.

- Det vert gjort ein del, men det er ikkje snakk om dei store pengane, fortel han.

- Gjer seg til kriminelle

Sjølv om beløpa er små, er problemet veksande. Politiet åtvarar no bankkorteigarar over 18 år til å hjelpe mindreårige som ynskjer å spele poker på nettet. 

Jan-Tore Thue
Foto: Arne Eithun / NRK

- Det er klart uheldig at ein prøver å omgå regelverket ved å låne kort hos eldre korteigarar, som dermed også vert deltakarar i det ulovlege spelet på nettet når dei lånar ut kortet, seier lensmann i Sogndal, Jan Tore Thue til NRK.

Han har snakka med fleire ungdommar som fortel om denne aktiviteten. Thue seier at det var under avhøyr i samband med ei anna sak dei oppdaga denne aktiviteten.

- Det overraskar meg at nokon kan vere så slepphendte med bankkortet at dei lånar det ut til eit slikt føremål, seier Thue til Sogn Avis.

- Eigaren sitt ansvar

Thue meiner risikoen for at kortet kan verte misbrukt er stor når ein lånar ut bankkortet til andre.

- Det er ikkje tvil om at det er den som låner ut kortet som må ta ansvar for eit eventuelt misbruk, seier banksjef Leif Arne Bakke i Sparebanken Sogn og Fjordane.