Hopp til innhold

Florø-jente med på filminnspeling i Fjærland

Ein 18-åring frå Florø er blant stjernene i ein psykologisk thriller som i desse dagar vert spelt inn i Fjærland.

Kine Bortheim Jentoft

SPENNANDE OG SKUMMELT: Kine Bortheim Jentoft (18) frå Florø er blant skodespelarane som i desse dagar spelar inn spelefim i Fjærland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mundal Hotell

LOKALITET: Blant anna her på Mundal Hotell skal filmen bli spelt inn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Filmen «Dukken i taket» er inspirert av romanen med same namn, skriven av Ingvar Ambjørnsen. Innspelinga går føre seg i Fjærland, blant anna på Mundal hotell.

18 år gamle Kine Bortheim Jentoft frå Florø har fått ei av rollene. Der spelar ho dottera til karakteren som er spelt av Trond Espen Seim, som truleg er mest kjend for rolla som Varg Veum.

Takkar mor si for rolla

Florø-jenta fortel at det var ganske tilfeldig korleis ho hamna på lista over skodespelarar. Ho var blant over 200 som deltok på audition i Sogndal og Førde.

– Mora mi sende meg melding om ei annonse om audition i Førde. Eg tok meg fri frå jobb og reiste inn, så det er ganske tilfeldig at eg står her no, seier ho.

Bortheim Jentoft har spelt i Kinnaspelet i fleire år, men då i mindre roller. No spelar ho den 16 år gamle dottera til legen i bygda, som vert brukt som ei viktig brikke i spelet til hovudkarakteren for å felle mannen ho tek hemn på. At 18-åringen no har teke eit langt steg er både skummelt og spennande.

– Det er mykje meir nervepirrande, for det er mykje meir fokus på meg enn det har vore før i småroller.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ingvar Ambjørnsens "Dukken i taket" vert spelt inn i Fjærland i desse dagar.

ACTION: Slik ser det ut på filmsettet i Fjærland.

Får ros av regissør og «Varg Veum»

Og det å få spele dottera til sjølvaste Trond Espen Seim gjorde det heile ekstra nervepirrande.

– Det er veldig kult. Eg trudde det kom til å bli meir skummelt, men eg ser at vi er jo på same nivå. Det er berre ein mann, så det er ikkje så gale, seier Florøværingen.

Regissør Kjersti Steinsbø angrar ikkje på at valet fall på Bortheim Jentoft.

– Kine skilde seg ut ved å vere veldig naturleg framfor kameraet. Ho passa også til denne typen rolle, men ho har også ei jordnær utstråling. Ho vart kasta fort ut i det, og det verkar som ho taklar det utruleg bra.

Og Seim, som også spelar legen i bygda, har berre gode ord å kome med om Bortheim Jentoft.

– Eg synest ho leverer til gull. Det er alltid kjekt å jobbe med folk som er ferske. Dei er ofte meir rause og ærlege enn det vi er, seier han.

Thriller i idyllen

Trond Espen Seim

LETT Å SEIE JA: Trond Espen Seim seier det var lett å seie ja då han vart spurt om å spele i filmen. Årsaka er at han meiner regissøren har god smak, og at dette er ei god forteljing.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han trivst godt med å få spele inn film i Fjærland, og seier at det einaste dei er redde for er at det er for fint. For det er ingen idyllisk film dei skal spele inn.

– Det er veldig godt å lage filmar med dårleg stemning der det ikkje berre er betong eller fotgjengarundergangar. Ting skjer i dei beste familiar, også i Fjærland, seier Seim.

Dette er første spelefilm for regissør Kjersti Steinsbø, som gler seg til å presentere thrilleren om ei kvinne som skal hemne seg på ein mann.

– Det er utruleg kjekt. Eg har skrive manus i mange år, og det å sjå at det vert heilt konkretisert, å sjå skodespelarane og lokasjon, at ideane du har jobba med i mange år blir verkeleg, det er veldig spesielt, seier ho.

Fleire kjende skodespelarar

Og at valet fall på Fjærland som stad for innspelinga var ikkje heilt tilfeldig.

– Eg hadde lyst på ein litt klaustrofobisk fjord som er spektakulær og nydeleg, men også kan verke litt tett. Filmen handlar litt om bygdedyr, så det å ha eit lite og tett lokalsamfunn er veldig fint.

Andre kjende skodespelarar i filmen er Anders Baasmo Christiansen, Frode Winther og i hovudrolla; Siren Jørgensen. Også førdianaren Helene Bergsholm som vart kjend gjennom filmen «Få meg på, for faen!», har ei rolle i thrilleren. Filmen vil truleg bli vist på kino neste haust.

filminnspeling fjærland

PÅ SETTET: Midt i idyllen i Fjærland skal det kome fram alt anna enn idyll.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK