Hopp til innhold

Her spelar dei golf midt på vinteren

Medan jølstringane druknar i snø, spelar dei golf i Selje.

Spelar golf i Selje

GOLFvÊR: I Selje kan dei spele golf midt på vinteren.

Foto: Toril Bortne

Jølster skisenter 10.02.11

SNØ: Jølster skisenter har for tida mest snø i heile verda.

Foto: Jolsterskisenter.no

Dei fleste snakkar for tida om all snøen som har kome. I skianlegget i Jølster har dei for tida mest snø i heile verda, og på vegen mellom Veitastrond og Hafslo har bygda blitt isolert to gonger på ei veke på grunn av snøras.

Men på kysten ved Selje har våren begynt å vise seg. Snøen er borte og golfentusiastane kan endeleg gjere det dei likar best.

Har plussgrader og sol

Toril Bortne seier dei har fantastiske forhold på golfbana i Selje.

– Vi har ein bane som er heilt grønn. Det er gode forhold, og vi har planar om å ha ei miniturnering på søndag. Alle som vil kan melde seg på, seier Bortne til NRK.no.

– Det er godt å sjå våren, men ein må vere på solsida. Golfbana er skjerma for snøen og vi har tre plussgrader og sol, seier Bortne.

Medan innbyggjarane i Selje kan sjå grønt gras, er frustrasjonen over store snømegder stor andre stader i fylket. I Fjærland er Jo Marius Bøyum så lei snøen at han gir den bort gratis på finn.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spelar golf i Selje

VÅR: Våren har kome til kysten og Selje.

Foto: Toril Bortne

– Veit ikkje om andre stader

Toril Bortne i Selje seier ho ikkje veit om andre stader der ein kan spele golf så tidleg på året.

– Så dei som vil spele golf er velkomne til Selje. Så lenge det ikkje er frost i marka, så er forholda kjempe flotte, seier ho.