Hopp til innhold

Kapteinen trur dei hadde godt av nederlag før cupfinalen

Førde sine sigersvande volleyballdamer fekk ein aldri så liten realitetsorientering førre helg. I dag spelar dei om sin første Kongepokal.

  • I dag klokka 1330 kan du sjå cupfinalen direkte i toppen av saka.

– Eg trur vi hadde godt av å tape mot ToppVolley. Det viser berre at vi må vere skjerpa for å vinne kampar. Vi kan ikkje gå halvveges inn i det. Tapet gav oss ein ekstra puff i rett retning, seier kaptein Hilde Elvebakk.

Spent på motstandaren

Rebekka Bahr og Hilde Elvebakk

SKJERPA: Hilde Elvebakk (t.h.) trur ein Kongepokal med Førde kan overgå kjensla av å vinne den med Oslo i 2014. – Det kan godt tenkast. Vi får ta kampen først og sjå korleis det blir, seier ho.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I år er det damelaget som forsvarar Førde sine blå fargar cupfinalehelga i Oslo. Medan herrane såg bergenslaget Viking trekke det lengste strået i semifinalen, tok damelaget ein grei siger mot Kristiansand.

I finalen ventar Oslo Volley, som Førde hadde grei kontroll på i haust, men som dei i 2012 tapte Kongepokalen til.

Finalemotstandaren ligg på andreplass i serien, fire poeng bak sunnfjordingane.

– Det blir ikkje like lett no. Dei har forsterka med spelarar som spelte strandvolleyball, og kanskje har dei nokre andre ess i ermet som dei dreg opp. Eg er spent på kva lag vi møter på andre sida av nettet, seier Elvebakk.

Vann Kongepokalen i 2014

Spelarane reiste med buss frå Førde fredag og gjennomførte ei treningsøkt i finalearenaen. Laget er skadefritt, noko som betyr at ligaens beste poengplukkarar og angrepsspelarar, Elvebakk og Alyssa Wolf, er klare til dyst.

– Eg var veldig nervøs på onsdag, men det roa seg litt etter ei god økt torsdag, seier Elvebakk som tidlegare har spelt to cupfinalar. I 2014 vann ho med Oslo Volley.

Den kjensla vil ho veldig gjerne ha att.

– Eg trur eg brast i gråt med det same sigeren var i boks. Kongepokalen heng høgt og det var noko eg hadde hatt lyst til å vinne lenge. Den kampen spelte vi godt og eg fekk gåsehud fleire gonger undervegs, minnast ho.

– Største du kan vere med på

– Cupfinalen er ein av dei definitivt største tinga du kan vere med på i Norge. Det er dei spesielle rammene rundt og ein stor kamp. Cupfinalen er vanskeleg å ta seg til og då er det endå vanskelegare å vinne, legg Elvebakk til.

Førde kjem ikkje til å få noko lett kamp. På andre sida av nettet står Ingrid Lunde som spelte på førdelaget som tapte cupfinalen i 2012. I tillegg ynskjer førdekvinna Julie Tvinde å krone sin første sesong med Oslo volley med Kongepokal.

– Eg kjem ikkje til å gi noko ved dørene. Kamp er kamp, og då er det det same kven ein møter, seier ho og vedgår at Elvebakk, Wolf og Karoline Fauske er spelarar dei vil følgje ekstra nøye med på.