Hopp til innhold

Spelar fall saman med hjartestans

Rett før kampslutt vart Carl-Erik Torp liggjande på grasmatta på Fosshaugane med hjartestans. Brann-spelaren vart etter kampen frakta til Haukeland med luftambulanse.

Fekk hjartestans under kampen

DRAMATISK: Dette synet var ikkje noko særleg for dei mange på tribunene på Fosshaugane. Heldigvis ser det ut til å gå bra med Carl-Erik Torp.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var medan Brann jakta utlikning heilt på slutten av kampen på Fosshaugane, at Carl-Erik Torp plutseleg vart liggjande igjen på grasmatta.

Då dei nærmaste spelarane kom til, vart det brått hektisk for å få tak i helsepersonell.

Brann-spelaren fekk behandling på staden, og vart frakta ut av bana på båre.

– Det var ei ekkel oppleving. Vi fekk jo sjokk vi andre også, seier Sogndal-spelar Ulrik Flo.

Carl-Erik Torp vart henta med luftambulanse til Haukeland etter kampslutt. Ei stund seinare kom Brann med informasjon om kva som hadde skjedd.

– No er han stabil, og har det bra. Han er i gode hender, opplyser klubblege Atle Kjellsen til NRK.no.

– Kor lenge var Torp medvitslaus?

– Det er vanskeleg å seie. Vi brukte hjartestartar og hjarte- og lungeredning både på bana og i garderoben, seier Kjellsen.

Etter det NRK forstår skal tilstanden til den skadde Brann-spelaren vere stabil. Torp skal naturleg nok vere medteken etter episoden.

Brann-spelaren vart henta med luftambulanse

VART HENTA: Helikopteret frå luftambulansen var på plass og fekk frakta Torp til Haukeland i Bergen.

Foto: Steinar Lote / NRK