Hopp til innhold

Sjå spektakulære stunt frå Sogn

 

Fantastiske naturopplevingar og spektakulære stunt vert ikkje overraskande resultatet når nokre av dei beste ekstremsportutøvarane i Norge reiser til Sognefjorden.

Stunt frå Sogn på tv

Med ski på beina eller fallskjerm på ryggen kastar dei seg utfor dei stupbratte fjellsidene langs den lengste og djupaste fjorden i Norge.

- Då vi såg området visste vi at det ville eigne seg til mykje forskjellig ekstremsport. Vi ønskja å lage noko morosamt og unikt, seier produsent Sindre Kinnerød i Flash studio.

Han står bak serien Oppdrag Sognefjorden som skal visast på NRK1 i løpet av våren. Den første episoden går på lufta 6. mars.

Vil vise ekstremsport på ein ny måte

Her får vi møte ein gjeng beståande av nokre av dei fremste skikøyrarane i landet, i tillegg til kjendisar som Lasse Kjus.

Dei legg ut på ei båtreise i indre delar av Sognefjorden. Fjella rundt vert arena for halsbrekkande stunts og imponerande akrobatikk.

- Vi ønskjer at folk skal sjå ekstremsport med andre auge. Mange trur det handlar om ein gjeng med tullingar som flyr rundt og skal vere tøffe heile tida, men det handlar ikkje berre om det, seier Kinnerød til NRK.

Han håpar nokon av mytane om ekstremsportutøvarar kan bli avliva.

- Vi vil vise at dette også handlar om sterke naturopplevingar og eit sterkt samhald mellom utøvarane, seier Kinnerød.

- Fantastisk reklame

Og i Sogn trur dei programmet vil ha stor reklameverdi for området.

- Vi har lenge arbeidd med å byggje opp merkevara ski i Sogn. Dette er midt i blinken for oss, seier Olav Grov som er næringssjef i Luster.

Han viser til at dei sju programma går i beste sendetid på søndagar og meiner effektane for regionen kan bli svært positive.

- Her får vi vist fram naturen langs Sognefjorden. Og ikkje minst dei aktivitetane ein kan utfalde seg i her. Så dette er vi kjempeglade for, seier Grov.