NRK Meny
Normal

Følg 600 sauer på spektakulær og strabasiøs tur til sommarbeite

Torsdag kveld klokka 1945 får NRK1 sine sjåarar oppleve den strabasiøse turen som sauebønder frå Fortun gjennomfører kvar sommar og kvar september.

Sauer på veg til Guridalen

PUST I BAKKEN: Den lange rekkja av sauer får kvile litt på turen til Guridalen.

Foto: Johan Moen / NRK

Kvart år i juni fører dei 600 sauer frå Turtagrø til Guridalen i nærleiken av Skogadalsbøen. Turen inn går over Keisarpasset 1500 meter over havet, og er ein verkeleg styrkeprøve for både sauer og folk.

Buføringa må gjerast på natta medan snøen er hard nok til at dei kjem seg over.

Programansvarleg Terje Gilleshammer seier turen i år vart ekstra krevande.

  • SJÅ PROGRAMMET HER:
    Norsk dokumentar. Kvart år kjempar ei gruppe sauebønder seg opp i Jotunheimen med 600 sauer. Der inne har dei funne ein trygg, grøn dal der sauene har det godt. Den spektakulære reisa inn er ei styrkeprøve for både dyr og folk.

– Imponert over innsatsen

– Buføringa inn skjedde ei varm helg i juni, og sjølv midt på natta var det fleire plussgrader 1000 meter over havet. Snøen var så roten at både folk og sauer seig ned for kvar steg dei tok. Eg må seie eg vart rett og slett imponert over den innsatsen og det slitet dei la ned denne helga.

Bakgrunnen for denne spesielle sauedrifta er at dei tidlegare hadde sauene på Sognefjellet og hadde store jervetap.

Opp mot 50 sauer vart drepne årleg. Til slutt fekk dei valet mellom å legge ned eller å finne på noko heilt nytt. Løysinga vart å flytte sauene inn i Hurrungane.

Gjetar Trygve Barlaup og Sofus.

GJETAR MED HUND: Trygve Barlaup og hunden Sofus har passa på sauene.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Greier å verne dyra mot jerv

Inne i Guridalen har dei funne ein stad der dei klarar å verne sauene mot jerven.

Dei høge fjella og store elvane har gjort at ein gjetar klarar å passe på sauene utan at dei forsvinn ut av dalen. Dette kombinert med bruken av ein stor gjetarhund har redusert sauetapa til eit minimum.

Men bak suksessen ligg det eit slit over fleire årstider. Allereie på vinteren må dei køyre inn provianten med snøskuter. Og gjetaren som passar på sauene går lange turar kvar einaste dag.

Berre sankinga tek to dagar der åtte personar bevegar seg i vifteform bortover dei bratte hamrane i Gjertvassdalen.

Med sauer til Guridalen

MÅ TA NATTA TIL HJELP: Buføringa skjer om natta for å ha hardast mogeleg snø under beina.

Foto: Johan Moen / NRK

– Viktig å få fram slitet

Programansvarleg Terje Gilleshammer seier han var med å laga ein kort reportasje på desse bøndene i 2007. Sidan då har han tenkt på at ein burde følgje dei over ein heil beitesesong.

– Bruken av gjetar og gjetarhund blir ofte trekt fram som ei løysing på jerveproblema. Eg synest difor det er viktig å få fram alt slitet bak. Og så er det kjekt å få løfta fram slike kvardagsheltar som kjempar mot elementa på denne måten. Dei gir seg ikkje.