Spekkhoggarar viste seg fram

– Det er stort når naturen byr på slike ting, ei oppleving eg kjem til å hugse.

Spekkhoggarar viste seg fram for ein bonde innerst i Sognefjorden

VISTE SEG FRAM: Spekkhoggarane fann vegen til Lustrafjorden.

– Eg og nokre snikkarar fekk sjå dei. Dei er intelligente dyr og er alltid fleire saman, fortel Steinar Rorgemoen.

Eplebonden driv Luster Nature Guides ved Lustrafjorden. Han og snikkarane jobba nede ved fjordkanten då dei kom. Dei var enkle å kjenne igjen.

– Det er så tydeleg med det kvite og svarte, og med den rake finna at det er ein spekkhoggar.

Det er fyrste gong eplebonden har sett spekkhoggarane i fjorden. Han forventa at dei berre var på forbifarten, men dei vart verande i to dagar.

– Selen står jo på menyen deira, så dei har nok kome hit for det, seier Rorgemoen.

– Vi ser ofte sel, men når spekkhoggarane var her såg vi ingen, det kan vere dei skjønte teikninga.