Hopp til innhold

Spekkhoggarar i Førdefjorden

Fem spekkhoggarar kom heilt inn til Heilevang i Førdefjorden i førjulsveka.

Spekkhogger i Førdefjorden

VAKKERT SYN: Fem spekkhoggarar leika seg i Førdefjorden med Sølvi Catrin Berg Hestvik berre meter unna.

Foto: Sølvi Catrin Berg Hestvik

- Eg har aldri sett dei før, og då eg oppdaga dei var det berre å prøve å komme seg fortast mogleg ut, fortel Sølvi Catrin Berg Hestvik.

Såg dei frå stoveglaset

Berg Hestvik var heime på Heilevang då ho gjennom stoveglaset såg heile fem spekkhoggarar leike seg i Førdefjorden.

- Eg tok med meg kamera og sprang ned til båten, seier ho.

Og ho kom svært nære dei enorme dyra.

- Eg var så nære at eg nok kunne kakka på dei med åra mi, fortel ho.

(artikkelen held fram under biletet)

Spekkhoggarar i Førdefjorden

FLEIRE TONN: Spekkhoggarane er enorme dyr som vanlegvis ikkje kjem så langt inn i Førdefjorden som dei gjorde i veka før jul.

Foto: Sølvi Catrin Berg Hestvik

Berre meter frå dei

Dei fem leika seg i fjorden, og Berg Hestvik fekk knipsa fleire gode bilete av dei fantastiske dyra.

- Dei var to-tre meter frå båten og dei laga slike virvlar då dei gjekk under vatn. Då tenkte eg at eg kanskje ikkje var så trygg i den vesle båten eg sat i.

Og ho vedgår at møtet med dei fem gjorde ho litt skjelven.

- Dei er jo enorme, og dei var fem stykker. Eg kvapp såpass at eg heldt på å miste kameraet mitt. Heldigvis hadde eg reim på det, ler ho.

(artikkelen held fram under faktaboksen)

- Svært kjekt

Dei fem dyra symde etter ei stund utover fjorden att.

- Det er stilig å ha vore så nære dei. Eg har berre høyrt eldre folk fortelje om at dei har sett spekkhogger i fjorden, ingen på min alder. Så dette var kjekt.