Hopp til innhold

Gjekk frå null til 60 medlemmer på to år - og slik er trenden i resten av fylket også

Pila har byrja å peike oppover for speidarrørsla, etter år med kraftig fall i medlemstala. I Sogndal har dei akkurat kome på beina etter ti år i dvale.

Speidargruppa i Sogndal låg i dvale i ti år. No har dei vokst til seksti medlemmer sidan oppstarten for to år sidan.

I VEKST: Speidaren i Sogndal har vakse frå null til seksti medlemmer sidan oppstarten for to år sidan.

– Me har lyst til å vere eit positivt alternativ til andre positive aktivitetar i Sogndal, seier Inger Auestad, leiar av speidargruppa i saftbygda.

Det er berre to år sidan dei starta opp att. I dag er dei over seksti medlemmer og Auestad seier dei held fram å vakse. Også i resten av fylket er trenden positiv.

Leiar for speidargruppa i Sogndal

– NØGD: Inger Auestad, leiar for speidargruppa i Sogndal, seier dei satsar på å halda fram veksten. – Foto: Halvor Farsund Storvik

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sterk auke i medlemstala

For Sogndal er ikkje unnataket. Medlemstala til speidargruppene stig i heile fylket. I 2013 var det 370 betalande medlemmar, mot berre 244 i botnåret 2010.

Speidargruppa i Førde er den einaste i fylket som fekk færre medlemmar frå 2012 til 2013.

Norges speiderforbund skriv på sine nettsider at medlemstala på landsbasis har byrja å stige svakt sidan 2007, då fallet som starta på 1990-talet flata ut. I dag er det oppunder 20.000 medlemmar i Norges speiderforbund.

Viktig opplæring

Dei unge speidarane i Sogndal har i det siste vore i hardtrening for å bli trygge på sjøen. To helgar på rad har dei hatt opplæring i førstehjelp, livberging og tryggleik i vatn.

– Vi er mykje i kano om somrane, difor er det viktig at vi har slik opplæring, seier Auestad.

For ungane var det berre kjekt å få plaske i bassenget.

– Det var gøy å vera i kano og så har det vore kjekt å redde foreldra mine, seier Ola Liheim.


Sogn er best

Ola Liheim ved bassenget

KJEKT: Ola Liheim koste seg i bassenget, der han fekk lære om bruk av redningsvest og livbøye.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I Sogn og Fjordane er det Sogn som er best i klassen. Her finn vi dei tre største speidargruppene.

Desidert størst er Kaupanger med 117 medlemmar.

Nystarta Sogndal tek plass nummer to, med 67 medlemmer ved årsskiftet. Systrond speidargruppe på Leikanger tek siste pallplass med 60 medlemmar.

Til samanlikning fordeler medlemmene i resten av speidargruppene slik: Florø (37), Førde (26), Måløy (25), Naustdal (22), Nordfjordeid (14) og Årdal (2).