Hopp til innhold

Speglar bygdekultur med dans på lokalet

FØRDE (NRK): I dei mange grendahusa sit det tallause historier i veggane. Med Dans på lokalet vil Sogn og Fjordane Teater la dansen fortelje nokre av desse.

Dans på lokalet er ein hyllest til bygdehusa.

SJÅ VIDEO: Med dans, basar, folkemøte og mykje meir har det vore full aktivitet i dei forskjellige bygdehusa. Dans på lokalet er ein hyllest til desse husa som samla bygdene (Foto/redigering: Oddmund Reisæter Haugen)

– Eg har vekse opp med dans på lokalet på samfunnshuset i Holmedal. Det var plassen å vere. Der skjedde alt, så det måtte ein få med seg. Elles hadde du ikkje noko å snakke om i veka, ler Idun Losnegård.

Dans på lokalet

TILBAKE TIL HOLMEDAL BYGDEHUS: Med Dans på lokalet skal skodespelar Idun Losnegård reise til Holmedal Bygdehus for å hylle både grendahus og bygdedansen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Losnegård ein av skodespelarane som saman med Sogn og Fjordane Teater skal reise rundt til grendahus med stykket Dans på lokalet. Stykket skal hylle både grendahusa og bygdedansen. Sjølv hentar Losnegård mykje inspirasjon frå der ho sjølv vaks opp.

– Eg er godt forplanta i bygdekulturen på alle vis. Eg har prøvd å rømme vekk frå det, men no kjem eg tilbake og er stolt av den.

No tek stykket ho tilbake der minna er mange og historia sit i veggane – Holmedal Bygdehus.

– Eg gleda meg veldig, men er litt nervøs. Der skal eg komme tilbake og ta huset på ein måte, seier Losnegård.

Både storstove og hjørnestein

Med song og dans skal Dans på lokalet ta deg tilbake til ei litt svunnen tid spegla over fem tiår.

– Det var på høg tid vi gjorde stas på desse husa. Eg ser på det som starten på vår kulturelle infrastruktur. Dette var storstova og hjørnesteinen i samfunnet, seier regissør Arne Fagerholt.

Dans på lokalet

DANS PÅ LOKALET: Bygdedansen var ein viktig del av aktiviteten på alle bygdehusa.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Frå 1945 og etterkrigstida fram til 1987 skal stykket spegle noko av den historia som framleis sit i veggane. Alt frå den gryande kjærleiken til den klossete dansen.

– Det var ein viktig samlingsstad der ein kunne leve livet med alt av høgdepunkt og triste nedturar, seier skodespelar Jørn-Bjørn Fuller-Gee.

For å førebu seg på best mogleg måte var ein ekte grendafest det mest naturlege for skodespelarane.

– Vi har vore på bygdefest i Angedalen to gonger der vi lærte å danse sving. Det var veldig kjekt, så no tenkjer vi at befolkninga elles i landet går glipp av noko, gliser skodespelar Martha Standal.

Dans på lokalet

LÆRTE SEG SVING I ANGEDALEN: Skodespelarane Jørn-Bjørn Fuller-Gee (midten) og Martha Standal (t.h.) lærte seg sving på ein bygdefest i Angedalen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Der livets dans vart dansa

Alt frå dansefestar, folkemøte og basarar tok stad i grendahusa, der livets dans vart dansa. Det var der ein kunne sjå og bli sett. No er det Idun Losnegård alle i Holmedal skal sjå på i grendahuset.

– Det er ikkje så lett å bli profet i eiga bygd. Eg vil jo kjenne alle som kjem for å sjå på. Det er ganske skummelt når ein spelar teater, seier Losnegård.

Losnegård veit kva som ventar når ho treff på kjentfolk på bygdahuset i Holmedal.

– Dei kjem til å kjefte på meg. Eg var på ein konsert i Holmedal der eg gjekk med bare armar. No må du kle på deg Idun, sa dei. Så du kan ikkje gøyme deg uansett, ler ho.