NRK Meny
Normal

Dette vil ikkje det norske helsevesenet ha noko av

Spebarn som har fått nakkeskade etter ein traumatisk fødsel får ikkje den behandlinga dei treng i helsevesenet, meiner barnefysioterapeut Ute Imhof.

Naprapat Alexander Øen

STREKKJER FORSIKTIG: Naprapat Alexander Øen Ask seier han svært ofte ser spontan betring etter behandlinga.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Ho meiner det norske helsevesenet bør sjå på røynslene frå Tyskland, der alternativ behandling er vanleg.

Naprapat Alexander Øen Ask strekkjer forsiktig på ledda til den vesle pasienten sin, eit barn som har kink i nakken. Han driver Naprapatsenteret Førde og har spesialisert seg på spebarn som har ein skade som blir kalla Kiss.

– Kiss er ei nemning på nedsett funksjon i nakken. Mange barn som blir fødde ved hjelp av sugekopp eller ved keisarsnitt kan få problem med nakken i ettertid.

Og dette problemet med ein skeiv og vond nakke hos småbarn etter ein hard fødsel, meiner dei gir symptom som mellom anna at barnet skrik utrøysteleg, søv dårleg og berre ser mot ei side.

Akseptert i Tyskland

Øen Ask behandlar problemet med å strekkje nakkeledda til barnet med hendene sine for at han skal få betre rørsle mot sida barnet har vondt i. Dette blir ikkje gjort i det norske helsevesenet, seier Ute Imhof.

– I Tyskland er det teke inn i helsevesenet og i fysioterapiutdanninga, og eg kan ikkje forstå at det ikkje kan vere like fornuftig og effektivt her i Norge.

Barnefysioterapeut Ute Imhof

VANLEG I TYSKLAND: Barnefysioterapeut Ute Imhof forstår ikkje kvifor det norske helsevesenet ikkje kan sjå på røynslene frå Tyskland.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Ho har 20 års erfaring som barnefysioterapaut ved Akershus universitetssjukehus og er ein av de fremste på Kiss i Norge og forkjemper for manull behandling av spebarn.

Ho oppdaga denne behandlingen då ho var på sjukehusbesøk i Tyskland, der dette var normal praksis.

– Årsaka til at ein baby ligg skeiv og ikkje kan lee på nakken sin er ikkje muskulaturen, men det er bevegelegheita i virvelsøyla som er føresetnaden for at muskulaturen kan bevege seg ordentleg.

– Behandlar årsak, ikkje symptom

Ute såg kor raskt barna vart betre ved å behandle skjelettet manuelt, i staden for musklene, at det skal gå over av seg sjølv. Ho jobbar no for at problemet skal bli meir kjent i Norge.

– Og det utgjer ein veldig stor skilnad når vi behandlar årsak og ikkje symptom, det går veldig mykje raskare, det er meir effektivt. Og det er viktig når ein jobbar med barn, for dei utviklar seg så fort.

Naprapat Akexander Øen Ask

– FLEIRE BØR GJERE DETTE: Alexander Øen Ask meiner behandlinga er effektiv.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Men Kiss er kontroversielt i norsk helsevesen. Sjølv om det ikke finst kliniske studier som seier at dette verkar, meiner ho at ein må sjå på alle tilfella i Tyskland, der det faktisk har fungert.

– Det er rett og slett å sjå på resultata, fordi behandlinga er veldig effektiv. Ein ser at ammeproblem kan bli løyste på nokre få minutt. Skrikande og asymmetriske barn må takast mykje meir alvorleg, for dei står i byrjinga av livet sitt, i byrjinga av ein enorm hjerneutvikling. Vente- og sjå- haldninga er ikkje vitskapeleg haldbart lenger.

– Kan skade barna

Men overlege Hallvard Reigstad ved barneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus meiner at spebarn som får ein diagnose som ikkje er reell, i ytste konsekvens kan bli skadde.

– Kiss er ein diagnose som eigentleg ikkje har rot i god praksis. Dei aller fleste barna som får denne diagnosen er heilt friske. Eg vil åtvare mot det både for dei friske fordi dei ikkje har effekt av det, og for dei sjuke på grunn av at det potensielt kan skade dei, seier han.

Reigstad synest det er problematisk at nokon utanfor helsevesenet set ein slik diagnose. Som oftast kan skeiv nakke hos eit barn bli fiksa med enkle øvingar, seier han.

Kiss er kontroversielt i det norske helsevesenet, særleg fordi det ikkje finst kvalitetsstudier som seier noko om problemet finst, og korleis det eventuelt skal bli behandla. Kunnskapssenteret og fleire barnelegar har skrive fleire rapportar om det.

– Desse rapportane seier at dette ikkje er nokon effektiv metode med tanke på å behandle barn. Kunnskapsgrunnlaget er nokså tynt. Eg synest ikkje ein bør ha det i helsevesenet.

Klinikkoverlege Hallvard Reigstad

ÅTVARAR: Klinikkoverlege Hallvard Reigstad ved Haukeland Universitetssjukehus.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– 60.000 dokumenterte tilfelle

Ute Imhof kan ikkje forstå at Reigstad kan seie dette, berre fordi det ikkje finst vitskapelege studier.

– Det er utruleg vanskeleg å gjere vitskapelege studier på babyar, men det finst faktisk 60.000 dokumenterte tilfelle som viser at det har effekt. Alle terapeutar som jobbar med dette ser det, elles hadde dei ikkje gjort det.

Alexander Øen Ask er ferdig med behandlinga av den vesle guten. Han starta med dette fordi dottera hans hadde det same problemet, og han såg at det verka.

Han vil at fleire i helsevesenet skal bli bevisst på dette problemet, og at småbarnsforeldre skal vite at det er hjelp å få.

– Vi opplever ofte ei spontan betring. Nokre tek det litt lengre tid med, men dei fleste får ei spontan betring.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.