NRK Meny
Normal

Sparte over 4,5 millionar på streiken

Etter fleire veker med lærarstreik har Førde kommune og Fylkeskommunen spart over 4,5 millionar kroner.

Lærarstreik

MARKERTE SEG: Over 1500 lærarar møtte opp til streikemarkering i Førde medan streiken gjekk. Både kommunen og fylkeskommunen har spart på lærarstreiken.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

For då 164 lærarar la ned arbeidet slapp arbeidsgjevarane å betale løn, og lærarane fekk pengar frå streikekassa til Utdanningsforbundet.

– Eg skulle gjerne hatt lærarane i klasserommet slik at vi ikkje hadde spart dei pengane. Det hadde vore det beste, både for lærarane og elevane, seier Ole John Østenstad, rådmann i Førde kommune.

Kommunen har spart rundt to millionar kroner på at lærarane var i streik i tre veker.

Pengane tilbake til skulane

Ole John Østenstad

TILBAKE TIL SKULANE: Rådmann i Førde kommune meiner det er naturleg at pengane går tilbake til skulane.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Sjølv om Førde kommune går mot eit underskot i år, meiner Østenstad at mesteparten av pengane bør gå tilbake til skulane.

– Det er klart at vi no har fått frigjort noko pengar. Vi har ikkje teke stilling til korleis vi skal disponere dei. Personleg tykkjer eg det er naturleg at størsteparten går tilbake til undervisningssektoren.

Ikkje ei gåvepakke

Fylkesrådmann Tore Eriksen

PENGAR SPART: Også fylkeskommunen har spart pengar på streiken. Fylkesrådmann Tore Eriksen ser likevel helst at pengane ikkje vart spart på denne måten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkeskommunen har gått i pluss med 2,5 millionar kroner. Til saman er det 4,5 millionar som ikkje er blitt brukt då lærarar i fylket var i streik.

Sjølv om fylkeskommunen har det svært vanskeleg økonomisk og må spare, men desse pengane skulle dei helst sett at ikkje var spart, seier Fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Dette er ikkje ei gåvepakke og heller ikkje ein ønska situasjon. Streiken var beklageleg, men når det først vart streik så må vi stoppe lønnsutbetalingane, seier han.

Ekstraundervisning

Fylkeskommunen er usikre på korleis midlane skal brukast, men i Førde kan det vere aktuelt å bruke pengane på ekstraundervisning til elevar som har gått glipp av undervisning, seier Østenstad.

– I så fall er det mest aktuelt å sjå for seg eit slikt tilbod for 10.-klassingar som då skal over i vidaregåande.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser