Natt til første mai skada han seg på ein fest i Førde. Då Røde Kors ville hjelpe han, slo og sparka han etter dei. Politiet vart tikalla og fekk same behandling.
Etter eit basketak fekk dei til slutt på han handjern. Mannen held fram med å sparke, og det måtte fire politifolk til for å få han inn i politibilen. Han skal og ha ropt sjikanerande ord til politiet.
Mannen er dømt til 30 timar samfunnsstraff og 18 dagar i fengsel.