Hopp til innhold

Sparka politibetjent og truga med å drepe

Det gjekk hardt for seg då politiet måtte stogge eit slagsmål i Florø natt til laurdag.

– Det starta med to menn som slost i Strandgata, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Ein politipatrulje kom fram til staden, men slagsmålet gjekk så hardt for seg at dei måtte be om bistand frå nok ein patrulje.

– Den eine mannen tok kvelertak på den andre, seier Algrøy.

Politiet fekk kontroll på hendinga i sentrum av Florø, men det blei meir rabalder då den eine mannen måtte inn i politibilen.

– Han sparka den mannlege betjenten i skuldra og kom med grove trugslar. Trugslane handla om kva han skulle gjere med politimannen, blant anna drapstrugslar, seier Algrøy.

Mannen i midten av 40-åra blei tatt med til arresten, der han måtte sove i natt. No kan 40-åringen vente seg eit oppgjer med lovas lange arm.

– Han blir meld for vald, seier Algrøy.