Sparka mot politiet

Ein mann i 30-åra er dømd til fengsel i 24 dagar for vald og truslar mot politiet. Mannen blei aggressiv og nekta å oppgi personalia etter å ha urinert på gata i Florø. Han sparka mot to av betjentane og trua ein tredje med å knuse kneskålene hans.