Hopp til innhold

Sparereform, ikkje nærpolitireform

– Eit hån mot dei lokale lennsmanskontora og det vi driv med, seier lensmann Espen Gulliksen om nedlegging av lensmannskontor.

Espen Gulliksen

BEKYMRA FOR TENESTENE: Utan eit lensmannskontor er lensmann i Bremanger kommune, Espen Gulliksen, alvorleg bekymra for kva slags tenester innbyggjarane i Bremanger vil få.

Foto: Maria Pile Svåsand

Gulliksen irriterer seg over innlegget til medlem av justiskomiteen, Jan Arild Ellingsen (Frp), som har stått i fleire lokalaviser. I innlegget stiller Ellingsen spørsmål ved kva tid ein sist såg eit lensmannskontor rykke ut med blålys. Han meiner ein heller bør flytte midlar frå husleige til operative tenester.

Innlegget frustrerer Gulliksen som er lensmann ved Bremanger lensmannskontor. Kontoret er eit av lensmannskontora som er føreslege nedlagt av ei arbeidsgruppe.

– Han skriv jo at eit lensmannskontor ikkje er ein god nok sikkerheit for folk. Personleg har eg ikkje ein agenda, men eg har ungar, familie og sambygdingar som er avhengige av politiet sine tenester. Det er desse tenestene eg er bekymra for, seier Gulliksen.

Begge ønskjer eit nært politi

Ellingsen meiner det er viktig å frigjere ressursar til politiarbeid, då eit lensmannskontor ikkje er anna enn ei adresse.

– Mykje av midlane låsast i dag til husleige og andre utgifter. Kan vi gå frå husleige til operative tenester, så er reforma ein suksess.

I Bremanger fryktar Gulliksen at ei nedlegging av lensmannskontoret vil gå ut over innbyggarane.

– Eg håper lensmannskontoret består. Etaten skal slankast, men i nokre tilfelle vil det bli vanskeleg å gje fullverdige tenester sånn det ein gong er.

Ellingsen meiner lensmannskontor ikkje er svaret på eit godt og trygt politi.

– Heile poenget med denne reforma er at politimeisteren skal få større høve til å styre sine ressursar. Det betyr ein fridom til å legge ned nokre lensmannskontor, så lenge ein klarar målet om å hjelpe publikum når det er behov for bistand frå politiet. Mykje av midlane låsast til husleige, og det heller kan brukast på operative tenester, seier han.

Jan Arild Ellingsen

VIL HA RASKARE RESPONSTID: Medlem av justiskomiteen, Jan Arild Ellingsen (Frp), meiner husleige til lensmannskontor stel for mykje av midlane til politiet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Krav til responstid

På Bremanger Lensmannskontor si Facebook-side skriv Gulliksen i eit eige innlegg at lensmannskontoret strekk seg langt for å drive service for publikum i Bremanger. Gulliksen meiner det er tilgjengelegheita og fleksibiliteten som vil gå på kostnad i takt med eit sterkare miljø meir sentralt.

– Som eit lite lensmannskontor med tre tilsette, så har ikkje vi beredskap 24 timar i døgnet. Det har vi i lag med andre kontor, men vi utgjer likevel ein viktig del lokalt for eigen befolkning.

I samband med politireforma har det blitt innført krav til responstid.

– Når krisa oppstår så skal systemet virke, om ikkje vil politimeisteren få klare føringar for å overhalde sine krav til tenester mot publikum, seier Ellingsen.

Gulliksen meiner ein må kalle ein spade for ein spade.

– Viss det er pengar det går på, så kan ein kalle det for ein sparereform, heller enn ein nærpolitireform, seier han.