Hopp til innhold

Sparer straum for å kunne vere politi

Med 14 millionar mindre enn før, må politiet i fylket spare straum og slå av datamaskiner for å ha råd til det mest naudsynte.

Operasjonssentralen i Florø

KUTTAR STRAUM: For å spare pengar må politiet spare på straumen og slå av datamaskinene når dei ikkje er i bruk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kutt i overtidsbruk, straumsparing og konstant fokus på å spare pengar er den nye kvardagen til politiet i Sogn og Fjordane.

Politiforum har dokumentert endringane over tid hos politiet i Norge. Og det er mange millionar som er blitt skrella vekk frå budsjettet til politimeister Ronny Iden. Sidan 2003 er det blitt 14 millionar kroner færre å rutte med i frie midlar.

Bilane må skiftast

Ronny Iden

UROLEG: Politimeister Ronny Iden trur det vert eit utfordrande år for politiet med eit stramt budsjett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har ein anstrengt økonomisk situasjon i år, og vi må leite med lys og lykter etter stader å spare, seier politimeister Ronny Iden.

– Er det straumsparinga som skal redde politiet her?

– Det er eit gode i seg sjølv å spare straum, men vi må ta det meir på alvor i 2015. Om vi vil spare så mykje straum at vi kan kjøpe nye bilar, tvilar eg på. For det er slike saker eg uroa over, seier politimeisteren.

Politiet sin bilpark vert eldre og eldre, og ein del av bilane må skiftast ut. Men med lite pengar, har ikkje politimeisteren noko å bruke.

Kuttar overtida med millionar

– Kan situasjonen bli prekær?

– Det kan den bli, men bilparken vår er stor. Så det er mogleg at vi kan gjere omdisponeringar. Men eit politidistrikt med bilar på hjul heile tida må skiftast ut av og til.

Mindre overtid er også planlagt. Budsjettet er kutta frå 11 millionar til sju millionar kroner.

– Det er mogleg å få til, men det spørst kor mykje vi klarer å kutte. Det er eit spørsmål om vi har lagt lista for høgt, seier Iden.

– Korleis då?

– Målet vårt er alltid at innbyggjarane skal ha like gode tenester som før. Men det er ein smerteterskel på kva vi klarer.

Lite lystig år

Kjetil Drange

IKKJE NØGD: Leiaren i politiets fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, meiner distrikta ikkje får nok.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Kan det få konsekvensar?

– På nokre område må vi redusere drifta. Vi har fått responstidsmåling som gjev oss rammer for kva type tilfelle vi må rykke ut. Det er eit godt styringsbarometer for oss.

– Er du som politimeister uroa for året vi er inne i?

– Ja, eg legg ikkje skjul på at det er med ein viss uro vi går inn i 2015. Men vi må prøve å gjere det beste ut av det.

Leiaren i politiets fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange seier til Politiforum at dette viser at satsinga går feil veg.

– Distrikta har fått dårlegare vilkår år for år, seier han.