Hopp til innhold

Sparebanken: Tjener mindre på fleire kundar

Sparebanken Sogn og Fjordane fekk eit resultat på 63 millionar i første kvartal, mot 75 millionar i same periode i fjor. Sterkare kamp om privatkundane er årsaka, forklarar banksjefen.

Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane

FØRSTE KVARTAL: Trond Teigene meiner banken balanserer godt mellom tryggleik og risiko.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi er optimistar i høve bra vekst framover. Vi er budde på kampen om kundane, så marginane vil det vere press på, og vi har ei bra portefølje, seier administrerande direktør Trond Teigene til NRK.

For trass ein liten svikt i innteninga i høve fjoråret, er Teigene optimist på vegner av den største banken i fylket. Ikkje minst fordi dei i svært liten grad har blitt råka av nedgangen innan og olje og gass.

– Ofte har vi sagt at det har vore eit problem at fylket har fått ein for liten del av oljeverksemda i høve til dei ressursane som ligg utanfor vår kyst. Men når den næringa slit, så ser vi at vi blir mindre treft av dei utfordringane, seier Teigene.

Han peikar også på at banken gjennomfører eit ambisiøst utviklingsprogram, mellom anna satsing på nye dataløysingar. Reiel Haugland er tilsett som banken sin første digitale direktør, og inngår i banken si konsernleiing.

– Framover er vi særleg opptekne av å følgje dei kundane vi har i nye og spennande prosjekt som gir vekst i fylket, slår Teigene fast.

Nøkkeltal for Sparebanken Sogn og Fjordane, 1. kvartal 2016 (2015-tal i parentes):

  • Resultat før skatt: 72 mill (95)
  • Totalresultat: 63 mill (75)
  • Netto renteinntekt: 172 mill (188)
  • Driftskostnader 101 mill (96)