Hopp til innhold

Sparebanken legg ned ni kontor neste år

Første halvår 2017 kuttar Sparebanken Sogn og Fjordane ei lang rekkje kontor i fylket.

Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane

LEGG NED: Administrerande direktør Trond Teigene og Sparebanken Sogn og Fjordane får ni færre bankkontor neste år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Banken sine kontor i Askvoll, Leirvik, Hornindal, Sande, Naustdal, Skei, Balestrand, Leikanger og Svelgen går over i historiebøkene neste år. Alle kontor har siste åra hatt redusert tilbod og opningstider.

Banken vil framleis ha 13 kontor i fylket, samt eitt i Bergen. I tillegg er banken til stades med 23 Bank i Butikk.

– Kundane brukar kontora mindre, seier banken i ei pressemelding.

Bakgrunnen for nedlegginga er store endringar i korleis kundane brukar banken. Digitale løysingar gjer at kundane i mindre grad nyttar seg av dei bankkontora.

– Dette skjer over heile landet, og treff heile finansnæringa. Banken prøver kontinuerleg å tilpasse seg desse endringane, opplyser banken.

Ifølgje pressemeldinga vil ikkje nokon misse jobben som følgje av nedleggingane. Men 23 tilsette blir påverka av endringa.

– Dei vil halde fram i stillingane sine frå eitt av dei andre kontora, og kundane vil kunne ha den same kontaktpersonen som før, skriv banken.

Tillitsvalde og lokale leiarar har vore involverte gjennom heile prosessen. Når nedleggingane er gjennomførte vil Sparebanken stå att med kontor i Førde, Florø, Dale, Hauge i Bremanger, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stryn, Hardbakke, Eivindvik, Høyanger, Sogndal, Årdal og Bergen er liv laga.