NRK Meny
Normal

Ny vegtrasé gir halvannan time kortare busstur mellom Sogn og Oslo

Kortare veg til Oslo gjer at bussturen mellom Sogn og Oslo vert halvannan time kortare. Du kan kome deg tur- retur Oslo på same dagen med opphald i Oslo på nokre timar.

Administrerande direktør i Nettbuss Sogn, Per Steinar Sviggum

SPENT: Administrerande direktør i Nettbuss Sogn, Per Steinar Sviggum, seier ruta må gå over ei tid før ein kan seie noko om kor populær ho blir.

Foto: Anders Veberg / NRK

– På den nye tidlegavgangen droppar vi pausen som vi har hatt på Gol. Det kan vi gjere sidan vi har lagt inn sjåførskifte. Så har vi endra traseen slik at vi ikkje køyrer via Drammen som før. Det gir oss reisetid mellom Sogn og Oslo på 5,5 timar, seier administrerande direktør i Nettbuss Sogn, Per Steinar Sviggum.

– Det betyr at passasjerane har moglegheit til å setje seg på bussen i Sogndal litt før klokka 05.30 og kunne vere i Oslo litt før klokka 11.00. Eg trur det vil bli populært når det blir etablert i reisevanane til folk, seier Sviggum.

– Betyr det at ein ser det er bruk for fleire avgangar?

– Vi håpar og trur det. Vi får ikkje det svaret før vi har køyrt ruta ein periode. Men med den nye traseen blir det langt betre veg. Det vil gjere det meir attraktivt å ta bussen. Vi skal vere eit godt tilbod for dei som i dag vel bil, og ein god konkurrent til fly, seier Sviggum.

Dramatisk endring

Han håpar at det vil etablere seg trafikk på eit slikt nivå at selskapet kan halde oppe dei rutene dei har i dag.

Sjølv om traséendringa er ny, er idéen gammal. Det er heile 70 år sidan nokon lanserte tanken om å etablere den nye vegtraseen.

Sviggum har sjølv prøvekøyrt den nye ruta, og peikar på at mykje har endra seg på til dels få år når det gjeld vegstandard.

– Det har vore ei dramatisk endring både på vestsida av Hemsedalsfjellet, heile Lærdalsdalen har fått ny veg, det er retta ut ein del svingar nedover Hallingdalen og den nye strekninga Ørgenvika-Sokna har gitt langt betre vegar, seier Sviggum.

Blir ein meir behageleg tur

Spesielt strekningane med nytt vegdekke fører til at busspassasjerane får ei meir komfortabel reise.

– Det er ein mykje meir behageleg tur i dag enn det var for 10–20 år sidan, seier Sviggum.

Det merkast også for sjåførane som skal køyre ruta.

– Det blir mindre utfordringar langs vegen for dei som skal ha ansvar for å ta bussen fram og tilbake, seier Sviggum.

At ny vegtrasé vil føre til at fleire vel privatbil, er ikkje Sviggum så redd for.

– Det blir ikkje så stor skilnad samanlikna med å køyre bil. Dersom ein sit på bussen kan ein jobbe litt eller slappe av. Du reiser også miljøvenleg og slepp både køproblem og parkering i Oslo. Eg trur dette blir til bussen sin fordel, seier Sviggum.

Trur studentane vil nytte seg av det

Bussjåfør Asbjørn Aarvoll køyrer ruta mellom Sogn og Oslo eit par gonger i veka, og har køyrt denne i fire-fem år.

– Det har nok mest å seie for passasjerane. For sjåførane spelar det ikkje så stor rolle, seier Aarvoll.

Ada Linn Hansen tok onsdag bussen frå Sogn til Oslo. Studenten tykkjer det er supert at ho no kan vitje heimstaden sin endå raskare enn før.

– Eg tykkjer det er veldig fint. Det er greitt å komme seg fort tilbake, seier Hansen.

Ho trur tilbodet vil gjere det lettare for studentar frå Austlandet som ønskjer å reise oftare heim i helgane.

– Det er iallfall ei moglegheit, seier Hansen.

Reiser neppe fram og tilbake på same dag

Karianne Kopperstad er student i Sogndal, og brukar å ta bussen viss ho skal til Gardermoen. Ho meiner bussen klart vert eit meir attraktivt alternativ når reisetida vert endå kortare.

– Det er ganske greitt å kunne ta buss når det berre tek litt over fem timar, seier Kopperstad.

Ho trur ikkje at ho kjem til å nytte seg av moglegheita til å komme seg fram og tilbake same dag.

– Viss eg først dreg til Oslo så trur eg nok at eg vil vere der nokre dagar, seier Kopperstad.

Ho trur fleire studentar kjem til å nytte seg av tilbodet.

– Buss er framleis billegare enn å fly, så eg trur nok fleire studentar vil nytte seg av dette, seier Kopperstad.

Fint for dei som skal til Syden

Berit Anny Nyheim frå Skjolden må uansett køyre bil for å komme seg til Sogndal, men utelukkar likevel ikkje at ho kan komme til å ta bussen vidare til hovudstaden.

– Eg vil tru at dette er ei fin rute for dei som reiser til Syden og sånn. Dessutan får du gjort mykje på ein dag i Oslo med ei slik rute. Eg trur nok eg ville brukt ho, dersom eg hadde ærend i Oslo, seier Nyheim.

Harald Orrestad frå Sogndal meiner den nye bussruta betyr mykje for dei som skal til Oslo.

– Her i Sogndal har vi også mykje studentar, og dei trur eg vil nytte seg mykje av det, seier Orrestad.