NRK Meny
Normal

Netthandel reddar butikkane

BALESTRAND (NRK): Netthandel har blitt sett på som ei trugsel for små butikkar, men no viser det seg at nettopp nettbutikk kan vera berginga for å halda dei tradisjonelle butikkane i live.

Ásdis Hrund Einarsdottir

BUTIKKEIGAR: Ásdis Hrund Einarsdottir er nøgd med å ha nettbutikk knytt til den ordinære butikken sin, Abby Boutique.

Foto: Linda Watten / NRK

– Eg trur nok ikkje eg kunne ha drive Abby Boutique utan nettbutikk, for det er blitt ein veldig stor del av sjølve butikken. Netthandelen aukar, og det gjer handelen i nettbutikken min også.

Det seier Ásdis Hrund Einarsdottir som har drive butikken sin Abby Boutique i Balestrand sidan 2012, og hatt netthandel knytt til butikken sidan 2013.

Det er stor pågang i den vesle butikken frå april til september, men utover hausten kan det verta mange stille timar i løpet av dagen.

– Det er då det er så greitt for meg å ha nettbutikk. Det er blitt svært viktig, og det trur eg fleire av dei andre som driv butikk opplever også. No lyt ein ha nettbutikk i tillegg til den fysiske butikken.

Skapar identitet

Mariann Bergset Kongsvoll driv butikken Bergset i Nordfjordeid, der 20 % av omsetnaden er netthandel.

– I utgangspunktet starta eg nettbutikk fordi me ikkje er ei kjede, og dermed har me ikkje nokon identitet. Nettbutikk er ein måte å gjere oss kjende på, og få produkta våre ut slik at kundar kan sjå kven me er og kva me står for.

Mariann Bergset Kongsvoll

NÅR UT: Mariann Bergset Kongsvoll meiner det er viktig å nå ut til kundar gjennom nettbutikk.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Sterk vekst

Direktør Harald Andersen i Virke stadfestar at det har vore ein sterk vekst i netthandelen siste åra.

– Me ser at fleire og fleire handelsaktørar i Noreg får nettbutikk. Av alle kjedar i Noreg så har om lag 60 % nettbutikk, og me trur at veksten vil halda fram.

Han ser ikkje netthandel som den største trusselen til butikken, men meiner det kjem til å kome endringar.

– Den store butikkdøden har det kanskje ikkje vore, men ein skal ikkje stikke under ein stol at talet på butikkar i Noreg er blitt redusert med nesten 10 % dei siste 10 åra, og denne utviklinga trur me vil halde fram.

Populære merker

Abby Boutique sel mange ulike merker som er populære både i og utanfor landet.

– Utan nettbutikken kunne eg ikkje hatt dei merka som eg har i butikken. Eg sel til ulike kundar både i Noreg, Sverige og Danmark.

Ásdis Hrund Einarsdottir

MERKEKLEDE: Butikken fører mange merker som er populære både i innland og utland.

Foto: Linda Watten / NRK

– Ofte hadlar dei hjå meg fordi det er utseld i heimlandet og blir desperate etter å få tak i akkurat det merket butikken min sel. Då handlar dei hjå meg i nettbutikken og eg sender gladeleg varene til dei, uansett kvar dei held til, seier ho.