Hopp til innhold

Spår nytt hopp i arbeidsløysa

Ein prognose frå NAV syner at arbeidsløysa til neste år vil stige med 4000 personar på landsbasis.

NAV-direktør Tor Saglie

MEIR ARBEIDSLØYSE: NAV-direktør Tor Saglie ventar meir arbeidsløyse i 2011.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Dei siste utrekningane frå Arbeids- og velferdsetaten syner at i år vil 73 000 personar i gjennomsnitt vil bli registrert heilt arbeidslause i Norge, det vil seie 2,8 prosent av arbeidsstyrken i landet, skriv Dagens Næringsliv.

Det er ein nedgang på 2000 frå tidlegare prognosar. Men neste år vil likevel arbeidsløysa auke til 77 000 personar - 2000 fleire enn førre prognose frå NAV.

LES OGSÅ:

- Det som har endra seg er hovudsakleg at det internasjonale biletet er noko dystrare. Dette vil gje ein svakare vekst også i norsk økonomi i 2011, og vil særleg råke den tradisjonelle eksportindustrien. Det er hovudsakleg innan tradisjonell eksport at vi ventar auka arbeidsløyse neste år, seier arbeidsdirektør Tor Saglie til Dagens Næringsliv.

Med 16 prosent har Sogn og Fjordane hatt klart størst vekst i arbeidsløysa det siste året. På landsnivå er arbeidsløysa uendra, og mange fylke har hatt redusert arbeidsløyse.