NRK Meny
Normal

Spår malariamygg og meir hai

Meir malariamygg og meir hai i havet. Det trur forskarane blir konsekvensane av klimaendringane som er venta dei neste hundre åra.

Det er direktoratet for naturforvaltning som har sett på kva vi kan vente oss dei komande åra. Klimaforskarane er samde om at det dei neste hundre åra blir villare, våtare og varmare.

- Store omveltningar

- Det betyr at vi får eit heilt anna landskap å forhalde oss til. Det kan også få konsekvensar for ulike plante- og fugleartar. Enkelte artar vil gå tilbake, medan andre artar vil det komme fleire av. Også villreinen og fjellreven vil få det vanskeleg, seier direktør i direktoratet, Janne Sollie.

Ei viktig årsak til dei store omveltningane er det våte og varme vêret som vil føre til attgroing. For turistnasjonen Noreg kan dette gje ekstra utfordringar.

- I dag kan turistane feriere i eit ope landskap, men dette kan forandre seg, seier Sollie.

- Det er godt muleg vi får meir flått og malariamygg, noko som kan føre med seg farlege sjukdommar. Desse dyra likar seg godt når det blir mildvêr, seier ho.

Haien kjem

Også i havet trur forskarane det blir store omveltningar.

- Fleire artar vil bevege seg nordover, mellom dei torsken. Det er vanskeleg å seie, men det som kanskje kan komme opp mot vestlandskysten er sardiner og ansjos, seier forskar ved Havforskingsinstituttet, Svein Sundby.

- Det blir heilt sikkert meir hai også. Hai har tidlegare komme inn mot norskekysten, men dette vil skje oftare i framtida, seier Sundby.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå