– Tarjei kan få ein utruleg sesong

Tarjei Bø var vann laurdag landslagseliten sitt testløp – ei veke før sesongopninga i skiskyting. NRK Sporten sin ekspert, Ola Lunde, spår ein kanonsesong for nordfjordingen.

Tarjei Bø

NESTE GENERASJON: Tarjei Bø vil bli ei verdsstjerne i skiskytingssikruset, trur NRK-ekspert.

Foto: JAVIER SORIANO / AFP
Ola Lunde

EKSPERTEN: Ola Lunde følgjer skiskyttarlandslaget tett for NRK Sporten.

Foto: PER LØCHEN / Scanpix

– Det er veldig imponerande av Tarjei å slå Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen i ein fellesstart. Tarjei gjekk ein fantastisk sisterunde. Alle hadde fire strafferunder, men Tarjei var tøffast på sistre runden, seier Ola Lunde.

Gode resultat i heile haust

Den 22 år gamle stryningen kom som ein komet mot slutten av førre sesong, og var med på stafettlaget som tok gull under OL i Vancouver. Men Bø har slite med å halde seg frisk, spesielt i sesongoppkøyringane.

I år ser alt lysare ut, meiner NRK Sporten sin ekspertkommentator.

– Eg har kjempetru på Tarjei. Han har for første gong klart å halde seg sjukdoms- og skadefri. Han har trent veldig bra og har kjempegode testresultat gjennom heile hausten. Eg har utruleg god tru på Tarjei i år. Det kan fort bli ein verdscupsiger, og kanskje endå meir.

Slo Bjørndalen og Helge Svendsen

Emil Hegle Svendsen

BEST I FJOR: Emil Hegle Svendsen var den store norske skiskyttaren i fjor. Helga måtte han sjå seg slått av Tarjei Bø.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Laurdag hadde herrelandslaget sin første verkelege test før verdscupen sesongopnar på Beitostølen neste helg. I testløpet som gjekk av stabelen på Natrudstilen ved Sjusjøen nær Lillehammer, gjekk Tarjei Bø i mål med bestetid 39,44.

Emil Helge Svendsen tok andreplassen, mens Ole Einar Bjørndalen kom i mål som tredjemann (begge med tida 40,03). Alle tre hadde fire strafferundar.

Dårleg skyting

Ole Einar Bjørndalen

SKYT BETRE: Ole Einar Bjørndalen sleit med skytinga i fjor. - Det ser betre ut i år, meiner Ola Lunde.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Sett med skyttar-auge er Lunde ikkje imponert over den kollektive innsatsen kva gjeld skyting under testløpet.

– Fire bom er for mykje. Men det er klart det er tøft i ein slik fellesstart. Det er den første skikkelege gjennomkøyringa, og det går fort på standplass. Men det er klart, det held ikkje i verdscupen. Men det var ein god start, langrennsmessig, seier Lunde.

Bø: – Artig å slå dei

Hovudpersonen sjølv er godt nøgd med å ha slått dei meir rutinerte løparane.

– Det var artig å slå dei. Det er første gong eg har slått dei når dei er i toppform med ski på beina og børse på ryggen, seier Tarjei Bø til NRK.

22-åringen er stolt av å ha lagt dei to konkurrentane bak seg med 19 sekund i skisporet.

– Det er sterkt. Men det er vanskeleg å seie kor bra det er i forhold til resten av vinteren. Per no ligg eg framfor der eg trudde eg skulle liggje no. Eg håpar å kunne vere med å prege verdscupen, seier nordfjordingen.

Trur ikkje Bjørndalen-epoken er over

Men ein Tarjei Bø foran skjema, knyter det seg spenning til landslagets største stjerne, skiskyttarkongen Ole Einar Bjørndalen. I fjor sleit han med skytinga. Det blir ikkje noko problem i år, trur Lunde.

– Han har vore veldig solid på ein del testar og hardøkter tidlegare i år. Emil har også vore solid etter å ha komme tilbake etter magesårproblem i august. Eg trur vi kan få ein veldig spennande vinter i år.

Artikkelen held fram.

Tarjei Bø et kake saman med mora, Aslaug Thingnes Bø

FRÅ STRYN: Tarjei Bø fotografert saman med mor Aslaug Thingnes Bø på heimebane i Markane, der han la grunnlaget for skisatsinga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Tarjei har alt

Når det gjeld Tarjei Bø er Ola Lunde krystallklar. Han trur det norske publikumet får mykje glede av bondesonen som er oppvaksen på ein gard like oppopm Stryn sentrum.

– Kva ser du som den største utfordringa for Tarjei Bø?

– Det er å halde seg frisk. Klarer han det, trur eg han får ein utruleg god sesong. Har er veldig god både på ski, skytemessig, og ikkje minst veldig god mentalt. Han har alt som trengst for å bli ei verdsstjerne i skiskyting, seier ekspertkommentator Ola Lunde.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.