NRK Meny
Normal

Spår eit skjebneår for mange bedrifter

Mange oljerelaterte bedrifter har det allereie tøft i Sogn og Fjordane, og verre blir det i 2016. Det er den dystre spådommen frå regiondirektøren i NHO, Jan Atle Stang.

Jan Atle Stang

EIT TØFT 2016: Slik ser NHO-direktør Jan Atle Stang føre seg det neste året for bedrifter som er knytt til oljebransjen. – Krisa er ikkje over. Vi vil komme til å sjå mange utfordringar i 2016 som følgje av låg oljepris, seier Stang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Oljekrisa har vore eit mykje brukt ord i 2015, og ikkje utan grunn. For nedgangen i oljeprisen har ført til at arbeidsløysetala på Vestlandet raskt har skote fart.

Sjølv om fleire bedrifter i Sogn og Fjordane også har merka krisa har den vore langt mindre kritisk enn i nabofylka. Men vi har større utfordringar i vente, meiner Stang.

– Vi har hatt mindre av den store oljekaka, men vi har ganske ein ganske stor leverandørindustri til petroleumsnæringa som heilt sikkert vil kome til å få større utfordringar i 2016 enn fram til no. Mange slit allereie, og 2016 kjem til å bli eit skjebneår for veldig mange, seier han.

Krisa er ikkje over. Vi vil komme til å sjå mange utfordringar i 2016

Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO

Kritisk til at LO vil utsetje skattekutt

Dermed kan vi på langt nær avblåse krisa her i fylket enno, ifølgje Stang.

– Eg er veldig redd for at vi skal seie at vi har så lite arbeidsløyse i Sogn og Fjordane at vi kan redusere på andre stimuli i næringslivet. Det vil vere heilt feil.

Difor er han svært kritisk til at LO meiner den svake krona er eit argument for å utsetje skattelette til næringslivet som regjeringa har lova. Ei svak krone gjer norske varer billigare i utlandet, og har gjeve norske bedrifter ein stor fordel.

LO sin sjeføkonom Stein Reegård trur ikkje valutakursen vil endre seg med det første og at ein difor har råd til å vente med skattekutta.

– Desse skattekutta kostar jo ganske mykje. Fem-ti milliardar var det snakk om i denne runda. Og så er det snakk om nye rundar med tilsvarande eller enno meir. Det er mykje veg, skule og så vidare ein då kan få bygd, uttalte Reegård i NRK i dag.

No må vi stå løpet ut her og ikkje køyre ideologiske kjepphestar

Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO

– Må få opp investeringane

Stang er samd i at den svake krona er bra for næringslivet, men meiner likevel at framlegget er hårreisande.

– Ei svak krone er jo veldig bra for eksporten i næringslivet, men det er eit svært dårleg framlegg i ei tid der vi har behov for å få opp investeringane i næringslivet for å skape meir aktivitet og sikre arbeidsplassar. Begge deler er viktig, og no må vi stå løpet ut her og ikkje køyre ideologiske kjepphestar, seier NHO-direktøren.

At LO meiner pengane ein sparar på å utsetje kutta kan rettast mot Vestlandet og mottiltak mot oljekrisa, er ikkje eit godt nok argument, meiner Stang.

– Ein må tenke på at det bedriftene investerer ikkje er verdilaust. Det har også ein kjempestor verdi for aktiviteten. Så dette er ein merkeleg argumentasjon, synest eg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå