Hopp til innhold

Spår brot i jordbruksforhandlingane

Det vil bli brot i jordbruksforhandlingane. Den spådomen kjem frå fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik.

Frank Willy Djuvik

TRUR DET BLIR BROT: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, trur det blir brot i jordbruksforhandlingane.

Foto: Benedicte Hole / NRK

I dag kjem regjeringa sitt tilbod til jordbruksavtale, men Djuvik trur ikkje forhandlingane vil føre fram.

I staden trur han at eit stortingsfleirtal med Arbeidarpartiet i spissen vil kome bøndene i møte.

– Eg trur ikkje det er eit spørsmål om det blir eit brot, men når det brotet eventuelt kjem, seier Djuvik til NRK.no.

Meiner Bondelaget har blitt ein politisk aktør

Fylkesleiaren i Frp trur det blir ein tidleg krasj i årets jordbruksforhandlingar.

Bøndene har kravd 1,5 milliardar kroner meir, medan landbruksminister Sylvi Listhaug har vore klar på at ho ikkje vil auke overføringane.

Tysdag kjem staten med sitt tilbod til bondeorganisasjonane, men Djuvik meiner bøndene neppe er interessert i ein avtale med regjeringa.

– Eg opplever at vi har ein landbruksminister som er veldig oppteken av å få på plass ein avtale mellom partane.

– Men samtidig ser eg at Bondelaget har opptredd meir som ein politisk aktør sidan regjeringsskiftet, enn ein aktør som jobbar for bøndene sine interesser, seier Djuvik.

Vil ikkje ha forhandlingane inn i Stortinget

Djuvik meiner det er sannsynleg at eit fleirtal i Stortinget, med Ap og sentrumspartia, i staden vil lage eit oppgjer til bøndene.

Men blir regjeringa sett på sidelinja meiner Djuvik det kan øydelegge heile ordninga med jordbruksavtalar.

– Om forhandlingane no skal flyttast inn i stortingssalen, heller enn å vere ei forhandling mellom partane, meiner eg Bondelaget og Ap sjølve har øydelagt jordbruksavtalesystemet.

– Vil ha avtale med regjeringa

Men fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, seier på si side at bøndene vil ha ei avtale med regjeringa.

– Vi har mål om å få til ein avtale med staten, og vi held oss til at vi har eit forhandlingsinstitutt. Det er der vi skal gjere forhandlingar, og ikkje synse i media slik eg ser mange no driv med, seier Hilleren.

Per Hilleren

JOBBAR FOR AVTALE: Seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

Foto: Arne Eithun / NRK