Men norske bankar er framleis skeptiske til det som er spådd å bli like stort som lakseeventyret her i landet. Olav Hjelle i bedriftsavdelinga til Sparebanken Vest meiner det er for mange uløyste spørsmål i næringa.
Hjelle trekkje spesielt fram problemet med sjukdom og kannibalisme.
Stig Bakke i Norsk Marin Fisk som er ein av pionerane innan torskeoppdrett, har merka dette. Han har ikkje klart å hente inn dei 15 friske millionar til anlegget sitt i Davik som han hadde håpa på.
Knapt med vill torsk
Spanjolane har derimot meir tru på norsk torskeoppdrett. For saman med eigarane av Norsk Marin Fisk har dei no gått inn med fem millionar i ny kapital.
- Torsken er svært viktig for spanjolane, og dei ser at det er knapt med villfisk, seier Bakke.
Mykje av problema kring yngeleproduksjonen ser no ut til å vere løyst. På anlegget i Davik reknar dei med å ha fleire hundre tonn torsk klar til levering neste haust og i dag ligg kiloprisen for torsk på over 30 kroner.