Hopp til innhold

Florø-trenar trur på nervepirrande sesong

Snart rullar ballen i årets 2. divisjon. Denne sesongen blir ekstra spennande for Førde og Florø.

Terje Rognsø

VIL KJEMPE I TOPPEN: Florø-trenar Terje Rognsø har tru på at Florø held seg blant dei sju beste og kan kjempe i toppen.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Det blir ein spesiell sesong. Det er mange lag som vil rykke ned og halvparten vil forsvinne vekk frå divisjonen etter sesongen, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Med eit nytt seriesystem skal 2. divisjon reduserast frå fire til to avdelingar, noko som gjer at halvparten av laga rykker ned til 3. divisjon etter årets sesong. Florø-trenaren trur på ein hardare konkurranse når sesongen startar.

– Eg trur fleire lag vil gjere sitt yttarste, og litt til, for å halde seg i divisjonen. Vårt mål er å vere blant dei sju beste, halde oss i 2. divisjon og kjempe i toppen. Noko anna ville vore skuffande, seier Florø-trenaren.

For Førde og trenar Julian Madsen er målet at ein held seg blant dei sju beste.

– Midt på tabellen tyder plutseleg nedrykk, noko som gjer denne sesongen veldig spesiell. Då er det naturleg for oss med eit mål om topp sju med sikra plass i 2. divisjon neste sesong. Eg trur vi må kjempe med nebb og klør, så heilt øvst på toppen er nok for tidleg for oss, trur han.

Julian Madsen

SIKRE PLASS: Målet til Førde-trenar Julian Madsen er at Førde blir blant dei sju beste i avdelinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Krydrar laget med nykommarar

Med ny sesong rett rundt hjørnet har Florø sikra seg nokre nye spelarar, men det har ikkje vore eit viktig fokus.

– I år har vi fått inn tre nye spelarar, og nokre forsvann i fjor. Vi har ikkje vore så opptatt av å få inn så mange nye i år, fortel Rognsø.

Den viktige kjernen i laget til Florø består stort sett av lokale spelarar, noko Rognsø meiner er viktig.

– Det er eit lag med mange spelarar frå Florø og Sogn og Fjordane, medan krydderet er ein dansk keeper, ei ny australsk midtbanespelar og ein franskmann. Desse tilbyr oss noko nytt, men stammen i laget bør helst bestå av lokale spelarar.

Stefan Aase, Aksel Knapstad og Kristoffer Ryland

TILBAKE I FLORØ-DRAKTA: Kristoffer Ryland (t.h.) er på utlån frå Sogndal og skal spele for gamleklubben fram til sommaren. Her saman med medspelar Simen Reksten Solheim.

Foto: TRULS KLEIVEN

Førde har på si side mista store delar av troppen frå i fjor.

– Vi mista ni spelarar som spelte i forsesongen, men har henta inn seks nye. Dagens mannskap er ikkje svakare enn fjorårets, seier Madsen.

Tøff oppkøyring

Julian Madsen tok over trenaransvaret for Førde i fjor haust og har sidan det auka treningsmengda for laget.

– Det er ein målbevisst gjeng som vil revansjere ein kronglete forsesong som enda med 10.-plass. Vi har hatt ei bra oppkøyring og ikkje tapt sidan 7. februar.

For Florø sin del har mykje skadar ført til vanskar i oppkøyringa.

– Oppladinga vår har vel ikkje vore direkte glitrande med mykje skadar. Det uroar meg at vi ikkje har fått meir orden på det, då det er noko som går utover treningskvardagen. Favorittar i årets sesong er vi nok ikkje, avsluttar Florø-trenar Rognsø.