Hopp til innhold

Spanande oppdrag for Airlift

BRINGELAND (NRK): Airlift er stadig ute på spennande oppdrag som krydrar kvardagen. Sist søndag var selskapet på oppdrag i Nr. 10 Downing Street.

Airlift i London
Foto: Airlift

Torsdag var det tilbake til kvardagen for pilot Nils Roger Leithe. Men sist helg var han ute på eit litt spesielt oppdrag.

– Vi var over der for å skifte ut eit airconditionanlegg på nabobygget til statsministerbustaden. Så det var litt spesielt med tanke på sikkerheitsklareringar, seier han.

Har drøymejobben

Pilot Nils Roger Leite

KJEKK ARBEIDSKVARDAG: Pilot Nils Roger Leithe meiner han har draumejobben.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Som pilot i Airlift har han fått sett litt av kvart av verda, ikkje minst på dei kaldare breiddegrader: Svalbard, Grønland og Sørpolen står på merittlista.

– Det er ein draum å få vere med på noko slikt, seier Leithe.

Eit av dei meir spektakulære helikoptera dei flyg, er ein såkalla superpuma. Det var nettopp dette helikopteret som fekk ansvaret, då selskapet fekk oppdraget i London.

– Det er eit type helikopter som blir brukt til tunge løft. Det er den same typen som dei brukar offshore til å frakte personar inn og ut av plattformene. Men vi brukar det til å løfte tungt, for det er stort og sterkt, seier Leithe om helikopteret dei treffande nok har valt å døype «Obelix».

Airlift i London

OBELIX: Superpumaen er stor og sterk og har difor fått namnet Obelix.

Størst trafikk i heimlandet

Kurt Opseth, dagleg leiar i Airlift

GODE UTSIKTER: Framtidsutsiktene til Airlift er betre enn på lenge, meiner dagleg leiar Kurt Opseth.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Airlift, med base på Bringeland i Gaular, er det største helikopterselskapet på innanlandstrafikk i landet. Det er her dei har hovudtyngda av trafikken. Dagleg leiar Kurt Opseth seier marknadsutsiktene er gode.

– Sjølv om det har vore ein del turbulens rundt økonomien til Airlift, så er vi ikkje der no. Det er forventa stor aktivitet rundt Statnett, der nye linjeprosjekt og kraftutbygging i vanskeleg tilgjengelege område gjer at det ser bra ut, seier han.

Sjølv om heimemarknaden er viktigast, gler han seg over at selskapet stadig får eksotiske utanlandsoppdrag.

– Pilotane i Airlift har ikkje berre valt ein jobb, dei har realisert ein draum. Det er ein spesiell arbeidsplass slik sett, seier han.

Spanande oppdrag for Airlift

STØRST: Airlift, med base på Bringeland i Gaular, er det største helikopterselskapet på innanlandstrafikk i landet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK