Hopp til innhold

Sp vil gje meir til veg og breiband

I sitt forslag til alternativt statsbudsjett vil Senterpartiet løyve 20 millionar kroner til opprusting av vegen mellom Byrkjelo og Sandane og 20 millionar til E39 mellom Sande og Myrmel. Partiet vil også gje 100 millionar kroner meir til rassikring. I forslaget er det også lagt inn 200 millionar ekstra til breiband.