NRK Meny

Sp vil gi pengar til fengsel

Senterpartiet vil i sitt alternative statsbudsjett som blir lagt fram i dag løyve 21 millionar kroner til fengselet i Vik. Justispolitisk talskvinne Jenny Klinge meiner det er heilt riv ruskande gale å sende fangar til Nederland, og at ein i staden burde byggje fleire fengselsplassar i Norge. Utbygginga av Vik fengsel vil koste 42 millionar, Senterpartiet ønskjer å fordele løyvinga over to år.

Vik fengsel
Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote