Fosshaugane Campus - 100 millionar kroner. Eid vidaregåande skule - 48 millionar kroner. Fullføring av fastlandssamband til Ytre Gulen - 60 millionar kroner, og Sogn og Fjordane kunstmuseum 10 millionar kroner. Dette er pengar som fylkesrådmannen ikkje finn, men som Senterpartiet i fylket likevel vil bruke i løpet av dei neste fire åra. Til saman 218 millionar kroner.
Arvesølvet
Investeringsfesten til Senterpartiet skal finansierast gjennom auka bruk av arvesølvet til fylkeskommunen. Nemleg utbytte frå selskapa Fjord1 og Sogn og Fjordane Energi.
Stor byggeaktivitet
Tor Bremer i Ap vil gjerne drøfta Sp sitt framlegg. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Får Senterpartiet med seg Arbeidarpartiet på desse forslaga, så blir det svært stor byggeaktivitet i fylket dei neste fire åra. Fylkesleiar i Ap, Tor Bremer, vil ikkje gå inn på enkeltprosjekt, men meiner Senterpartiet sitt forslag er eitt godt utgangspunkt for forhandlingar.
- Må drøftast
Bremer påpeikar at sjølv om det skal brukast mykje pengar på investeringar dei neste fire åra, så må høva til finansiering drøftast nøye.