Hopp til innhold

Skuldar Navarsete-kritikarar for å spreie løgn

Påtroppande leiar i Senterkvinnene, Beate Marie Dahl Eide, meiner Stjørdal-ordførar Ivar Vigdenes kjem med svært urettferdige skuldingar i sitt harde åtak på Liv Signe Navarsete.

Beate Marie Dahl Eide

OPPRØRT: Beate Marie Dahl Eide i Telemark Sp.

Foto: Senterpartiet

I ein epost skuldar Vigdenes Navarsete for mellom anna båssetting, mistenkeleggjering og paranoia.

– Det er trist å lese. Når Vigdenes i ein hånleg tone skriv om fleire krevjande situasjonar for partiet som skjedde før Liv Signe vart attvald som leiar i 2013, og brukar dette som argument for at ho burde gå av, seier Beate Marie Dahl Eide.

Ba Navarsete om å gå

Den interne striden i Senterpartiet nådde nye høgder etter at Ivar Vigdenes sin epost til Navarsete frå desember i fjor vart offentleggjort i går.

Ivar Vigdenes

SENDE E-POST: Innhaldet i ein e-post frå Stjørdal-ordførar Ivar Vigdenes til Liv Signe Navarsete vart denne veka offentleggjort i Aftenposten.

Foto: Martin Hammervik / NRK

Ivar Vigdenes er no ordførar i Stjørdal, men var i ein lengre periode politisk rådgjevar for Ola Borten Moe då han var olje- og energiminister. E-posten frå desember i fjor er eit samanhengande angrep på Navarsete, der ho blir skulda for mellom anna båssetting, mistenkeleggjering og paranoia.

E-posten vart avslutta med at Vigdenes oppmoda Navarsete på det mest innstendige om å gå av med umiddelbar verknad. Dahl Eide er opprørt over innhaldet i eposten

– Hadde blitt ro, om Videnes hadde rett

Liv Signe Navarsete

GÅR AV 7. APRIL: Den for tida sjukmelde Liv Signe Navarsete går av som partleiar i Sp på eit ekstraordinært landsmøte i neste månad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dersom det Vigdenes skriv var rett, så hadde det blitt ro og harmoni i partiet då Liv Signe varsla sin avgang. Det motsette har skjedd og vi har ein svært krevjande situasjon, der konflikten rundt Ola Borten Moe dominerer.

I staden for bitande kritikk, meiner Dahl Eide at Navarsete fortener stor ros for innsatsen ho har gjort som rikspolitikar, partileiar og statsråd.

– Eg meiner Liv Signe har vore ein ærleg, tydeleg og jordnær leiar for Senterpartiet. Ho er den partileiaren som har fått gjennomført mest Senterparti-politikk, og eg meiner det kjem stå som ein bauta etter henne når dette er over.

Men mykje av det Vigdenes skriv, den raude tråden, er at Navarsete ikkje toler kritiske merknader og andre meiningar enn sine eigne. Har han ikkje litt rett i det?

– Eg synest det er synd at deler av partiet ikkje har akseptert at vi har ein demokratisk vald leiar som heiter Liv Signe Navarsete. Ho vart attvald på landsmøtet i 2013. I den situasjonen som partiet har vore i, skulle heile partiet ha samla seg om den valde leiaren og spelt ho god, i staden for å sende slike brev og e-postar som er blitt gjort, seier Sp-toppen frå Telemark.

Håpar Borten Moe tek ansvar

Dahl Eide, som opphavleg kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, er for tida fylkestingsmedlem i Telemark. Ho er samrøystes innstilt til å ta over som leiar i Senterkvinnene nasjonalt, etter Bjørg Berheim frå Jølster som går av på årsmøtet i byrjinga av april.

Ola Borten Moe

VIL IKKJE TREKKJE SEG: Ola Borten Moe er framleis kandidat til å halde fram som nestleiar i Sp.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Den påtroppande Senterkvinne-leiaren håpar Ola Borten Mo trekkjer kandidaturet sitt, noko som må til for å få slutt på Striden i Senterpartiet.

– Liv Signe har tatt sin del av ansvaret ved å trekkje seg som partileiar, og eg meiner Ola Borten Moe også burde tatt sin del av ansvaret og vore med å bidrege til ei løysing som kunne skape ro.

– Eg synest det er alvorleg trist at vi er komne i den situasjonen vi er, og eg er djupt usamd i at det er Liv Signe Navarsete som skal bere det heile og fulle ansvaret, seier Dahl Eide.

Liv Signe Navarsete ønskjer ikkje å kommentere saka.
Ivar Vigdenes har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.