NRK Meny
Normal

Sp-politikar: Kommunereforma er eit politisk ideologisk korstog

Medan Fylkesmannen åtvarar formannskapa i Leikanger, Sogndal og Balestrand om å bli sittande på gjerdet fram til kommunesamanslåinga blir avgjort.

Ny storkommune

FRÅ BALESTRAND: Formannskapa i Balestrand, Leikanger og Sogndal møttest i dag i det første møtet etter fylkesmannen la fram si tilråding om samanslåing. Lite har endra seg sidan før tilrådinga vart lagt fram.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

«Alle må vere klar over at dette er eit politisk ideologisk korstog frå høgresida i norsk politikk. Å høyre staten drive slik skremselspropaganda og tilrå tvangssamanslåing av kommunar er skremmande».

Det skreiv Arnstein Menes (Sp) i eit innlegg på Facebook når Balestrand, Leikanger og Sogndal møttest til felles formannskapsmøte fredag ettermiddag.

Arnstein menes i formannskapet i Balestrand

UEINIG: Balestrand klarar seg best åleine, meiner Arnstein Menes (Sp) i formannskapet i Balestrand.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner kommunane må ta til seg ønsket frå Stortinget om større kommunar.

– Det er eit fleirtal på Stortinget som har bestemt kommunereforma. Det må vi ta innover oss. Mi oppmoding er at de kan anten sitte å vente på at Stortinget gjer vedtak om kommunestruktur, eller de kan vere med å ta grep og sjå det som ein moglegheit.

Er det vanskeleg å henge med på kommunesamanslåinga? Dette har skjedd:

Leikanger set klåre premissar

Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd, la fram to klåre premissar for at dei skal gå vidare med forhandlingane.

– Leikanger bør vere administrasjonsstad i ein ny kommune. Altså at ordførar, rådmann, kommunalsjefar med stab bør sitte her. Det andre er at i den nemnda som skal bygge den nye kommunen bør Sogndal ha fem representantar, og Leikanger og Balestrand tre kvar.

Ordførarane kosar seg

GOD STEMNING: Ordførarane i dei tre sognekommunane har blitt vant til å samarbeide i løpet av dei siste månadane. Jarle Aarvoll med ryggen til, Harald Offerdal i midten, og Jon Håkon Odd til høgre i bildet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll leia møtet. Han la premissane for vidare forhandling til regjeringa.

– Dersom regjeringa vel å slå saman kommunane er vår klåre forventning at statlege arbeidsplassar blir liggande her i regionen, sa Aarvoll i sitt innspel.

Aarvoll var klår på at ein samla bu- og arbeidsmarknad framleis er deira viktigaste motivasjon til å slå saman dei tre kommunane.

Alt i alt kan det verke som om ikkje mykje har endra seg sidan før Fylkesmannen la fram si tilråding.

Vertskap og ordførar i Balestrand, Harald Offerdal, sa at premissane framleis er dei same, så lenge Leikanger framleis er negative.

– Men eg er livande redd for at spørsmålet vi diskuterer er tvang eller ikkje, i staden for kva som er utfordringa for Sogn og Fjordane og desse tre kommunane, peika Offerdal på.

Kvar går vegen herifrå?

Ordførarane rosa Fylkesmannen for ein ryddig og open prosess på møtet.

Anne karin Hamre fylkesmann

FÅR SKRYT: Fylkesmann Anne Karin Hamre får skrytt for ein open og ryddig prosess frå ordførarane, trass i at alle partar ikkje ønsker å vere med.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Sjølv peika ho på at kommunane no må sjå på intensjonsavtala som dei laga saman med Vik før tilrådinga, og korleis dei skal få den til å passe til dei tre attverande kommunane.

Fylkesmann Hamre oppfordra kommunane til å ikkje gå for hardt ut i dei komande forhandlingane.

– Ikkje start med absolutte krav, men prøv å komme fram til einigheit. Det er no vi har moglegheita i Sogn, det er no vi kan posisjonere oss i ein større region, avslutta fylkesmann Anne Karin Hamre.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.