Han forstår dei unge sin skepsis til samanslåing

Senterparti-politikar Aleksander Øren Heen forstår godt at unge i Sogn og Fjordane er dei største skeptikarane til samanslåing av fylka. Det er dei som vil tape mest.

Alexander Øren Heen

STADFESTING: For Aleksander Øren Heen i Senterpartiet var det lite nytt i undersøkinga om kva folk i Sogn og Fjordane meiner om å bli del av ein ny region.

Foto: Truls Sylvarnes
Solveig Svarstad
Anna Gytri
Journalist

– Dei som er mest råka av ei eventuell samanslåing er dei som er mest i mot.

Det seier Øren Heen om undersøkinga som viser at sju av ti under 30 år ikkje vil slå saman Sogn og Fjordane med andre fylke.

– Ropar ikkje halleluja

Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har skrive under på ein intensjonsavtale om å slå saman fylka til ein stor vestlandsregion. Diskusjonane går no heitt føre seg, både blant folket og blant politikarane om korleis avtalen skal takast vidare.

At det er dei yngste i Sogn og Fjordane som er dei sterkaste forsvararane av å halde fram som i dag, overraskar ikkje Sp-politikaren.

– Dette stadfestar inntrykket eg har. Dette er ikkje noko folk ropar halleluja for, og langt derifrå, seier Øren Heen som sjølv har vore klar på at han ikkje ønskjer ei samanslåing.

Ungdomspolitikar Tore Storehaug frå Kristeleg Folkeparti let seg heller ikkje overraske av dei unge sin skepsis.

– Det er ei grunnleggande haldning at ein veit kva ein har, men ein veit ikkje kva ein får. Vi i Sogn og Fjordane har mykje å vere stolte over og glad for, og det er verdiar som det er viktig å ta med seg vidare, seier han og peikar på til dømes nynorsk som skriftspråk.

Tore Storehaug på talarstolen

ÅTVARAR: Krf-politikar Tore Storehaug frå Askvoll håpar utfallet blir ein stor Vestlandsregion.

Foto: privat

– Bra fylke å bu i

Øren Heen trur nettopp det at unge set pris på det Sogn og Fjordane kan tilby dei, gjer at dei er så skeptiske.

– Sogn og Fjordane er eit bra fylke å bu i. Dei tenestene som fylkeskommunen har ansvaret for, dei utfører dei på ein god måte. Unge under 30 år er den gruppa som brukar det fylkeskommunale tilbodet mest, seier han og viser til at fylkeskommunen blant anna har ansvar for vidaregåande skular, kollektivtilbod og kulturtilbod.

– Den gruppa som er mest imot, er dei som brukar fylkeskommunen sine tenester mest.

Delte om vegen vidare

Senterparti-politikaren er også uroa for framtida til statlege arbeidsplassar, og legg ikkje skjul på at han vil seie nei til å jobbe vidare mot ein stor vestlandsregion.

Storehaug åtvarar mot å setje seg på bakbeina.

– Eg trur og håpar vi kan vere med på ein vidare prosess, der det er viktig at vi er klare på kva vi forventar. At vi får halde på like mange statlege arbeidsplassar og mange av dei tinga som gjer oss den spesielle identiteten, som til dømes nynorsk som skriftspråk.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.