Sp-ordføraren talar mot eige parti – vil lempe endå meir på priskontroll

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster vil lempe endå meir på priskontrollen på landbrukseigedomar. – Den kan hemme tilflytting, seier han.

Ivar Kvalen

TALAR I MOT: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster meiner færre landbrukseigedomar hadde stått tomme om ein hadde lempa endå meir på priskontrollen for landbrukseigedomar.

Foto: Eirik Hildal / NRK

På landsplan står 30.000 småbruk tomme, men sjølv om det er mange som vil kjøpe er det få som vil selje.

I Luster talar Sp-ordførar Ivar Kvalen partiet sitt i mot når han vil lempe endå meir på priskontrollen på landbrukseigedomar. Han meiner kontrollen kan hemme tilflytting. Regjeringa har i eit lovframlegg før sommarferien foreslege at priskontrollen blir fjerna.

– Eg trur nok mange føler at dei får lite att for eigedomen sin, seier han.

Få vil selje

Å kjøpe småbruk og ha ein grønare livsstil er blitt ein trend i eigedomsmarknaden og salet aukar på landsplan. Luster har ei liste på 42 interesserte som jaktar på småbruk, men likevel står svært mange attraktive eigedomar tomme stort sett heile året.

For det er nesten ingen eigarar som vil selje.

– Det er mange familiar, og dei familiane skulle vi gjerne hatt tak i, seier Kvalen.

Betale meir

Ordføraren representerer eit Senterparti som tradisjonelt forsvarar konsesjonskrav med innlagt priskontroll på landbrukseigedomar. Kontrollen gjer at folk som vil selje gardar ikkje kan ta marknadspris, men må tilpasse verdien inntektsgrunnlaget til garden.

Kvalen meiner at folk vegrar seg for å selje når ein ikkje oppnår ein god pris, sjølv om han ikkje vil fjerne priskontrollen heilt, meiner han at ein bør lempe meir på reglane.

– Eg trur nok at for ein del småbruk i alle fall, burde det vere lov å betale meir for ein slik eigedom, seier Kvalen.

175 tomme gardsbruk

Kommunen har jobba lenge med eit prosjekt for å få fleire til å bu i tomme hus i Luster. Mellom anna har dei kartlagt tomme gardsbruk og snakka med eigarane. Dei formidlar også kontakt mellom potensielle kjøparar og svelgarar.

Arve Mjømen

FYLKESLEIAR: Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kvalen viser til erfaringar frå prosjektet når han seier priskontrollen er hemmande, sjølv om kommunen var inne og hjelpt til med åtte eigarskifte.

– Eg skal vere så ærleg å seie at eg godt kunne tenkt meg at prosjektet fekk mykje større effekt. Vi har vel tal i dag som viser at kring 175 gardsbruk står tomme i Luster kommune, seier han.

Glede i Høgre

Leiaren i Sogn og Fjordane Høgre omfamnar utspelet frå Sp-ordføraren i Luster. Arve Mjømen.. Regjeringa har lagt fram ei sak for Stortinget der ein ber om at priskontrollen for landbrukseigedomar blir fjerna. Saka er no til behandling i Næringskomiteen.

– Eg er veldig glad for at Senterpartiordførarar no tenkjer noko annleis, seier Mjømen og trur fjerning av konsesjonsplikta vil føre til meir vekst på bygdene.

– Det seier seg sjølv at dersom ein berre får ein slikk og ingenting for det, så er det ikkje verdt å setje i gong eit salssystem på, meiner han.

– Det er nok no

Sylvi Listhaug

FEKK KRITIKK: Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og den blåblå-regjeringa fekk kritikk då dei ville lempe på priskontrollen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Dette synet møter motstand hos stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp). Lundteigen var tidlegare i år saksordførar då Kontroll og konstitusjonskomiteen kritiserte regjeringa for å be landets kommunar om å lempe på priskontrollen.

Han meiner endringane den førre regjeringa gjorde, med å heve grensa slik at gardar kan seljast fritt for under 2,5 million kroner får vere nok.

Per Olaf Lundteigen

NOK: Per Olaf Lundteigen meiner det er lempa nok på priskontrollen for landbrukseigedomar.

Foto: Gunhild Lurås

– Priskontrollen er blitt mykje meir beskjeden. Den er også oppheva for alle sal under 2,5 millionar. Eg vil tru at det er mange av eigedomane i Luster som kjem innanfor.

– Men kvifor skal 2,5 millionar kroner vere ei grense?

– Det å ta over ein landbrukseigedom er eit samfunnsgode. Det er noko vi har eit system på i Norge, der du har eigedomsrettar og eigedomsplikter. Noko av pliktene er å sikre at du får ein personleg busetnad på bruket. Men konsesjonssystemet er eit lovverk du har hatt sidan statsborgarlova i 1888, så det er eit gamalt system som ikkje er laga ut frå tilfelle men ut frå livslang erfaring.

– Stort potensial

Over 2.000 av landets 30.000 tomme gardsbruk er i Sogn og Fjordane.

Og i Luster veit ordførar Kvalen at kommunen kunne hatt fleire innbyggjarar om fleire fekk sjansen til å kjøpe.

– Det er stort potensial for meir sal og omsetnad av landbrukseigedomar i Luster kommune, meiner han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.