Hopp til innhold

Vil stengje møte om skuleframtida

Sp og Ap vil stengje ein presentasjon om den vidaregåande skulen si framtid neste tysdag. Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, kallar praksisen ulovleg.

Kollage Djuvik og Kjelsnes

USAMDE: Frank Willy Djuvik i Frp er sterkt usamd med Åshild Kjelsnes frå Ap om kor vidt presentasjonen skal vere open eller ikkje.

Foto: Torje Bjellaas/Kjell Arvid Stølen/Arne Stubhaug / NRK

Fleirtalet på fylkestinget har bestemt å lukke presentasjonsmøtet om mogleg innsparing i opplæringssektoren.

Høgre, Venstre og Framstegspartiet er særs kritiske til at Ap og Sp ikkje vil la offentlegheita få delta på møtet.

– Både tilsette, elevar og andre innbyggjarar i Sogn og Fjordane har krav på å vite alt som skjer i ei så stor og så viktig sak som skulebruksplanen er fordi det kan ha så store konsekvensar for den einskilde, seier Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet Sogn og Fjordane.

Må spare 50 millionar kroner

50 millionar kroner må sparast i den vidaregåande skulen fram mot 2016. Tysdag kjem Norconsult med sin rapport om korleis dette best kan gjerast.

Sp og Ap som har fleirtal på fylkestinget har bestemt at berre politikarane skal delta på presentasjonen.

Samstundes blir dei tilsette ved skulane orienterte av sine rektorar, opplyser fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

– Frå mi side er det viktig at dei dette kan gå ut over, nemleg dei tilsette rundt om på skulane, får informasjonen før media får det, seier Kjelsnes.

Argumenterer for openheit

Elevtala i fylket går ned og det er bestemt å ha færre vidaregåande skular. Kvar og korleis kronene skal kuttast blir truleg ei særs omstridd sak framover.

Nettopp difor er det viktig med openheit, meiner Djuvik.

– Uansett kor betent dette er, er det viktig at folk får informasjon og at dei drøftingane, ikkje minst som kjem med ein gong informasjonen kjem, vert kjent i det offentlege, meiner Djuvik.

Meiner det ikkje er heimel

Han meiner det strir mot offentleglova å halde møtet lukka.

– Det er ingen heimel med særlege grunnar for at slikt skal kunne haldast bak lukka dører. Dette er det stor presedens for både hjå Sivilombodsmannen og i andre saker, seier Djuvik.

Men det er ikkje fylkesordføraren samd i.

– Det får stå for hans rekning. Dette er ikkje eit møte etter kommunelova, det er rein informasjon frå eit konsulentfirma til politisk plan- og hovudutval, seier Kjelsnes.

Ho held fram at det er snakk om eit reint orienteringsmøte for politikarane, før pressekonferansen om saka som startar umiddelbart etterpå.