NRK Meny
Normal

Sp med rekordtidleg valkampopning

Senterpartiet legg opp til eit maratonløp mot haustens lokalval. Alt i dag, 15. april, starta dei valkampen.

Valkampopning Senterpartiet

REKORDTIDLEG VAKMAMP: Frå v. Sigurd Reksnes, Jenny Følling, Karen Marie Hjelmeseter og Aleksander Øren Heen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Årsaka til at dei startar så tidleg er at dei ser så mange mørke skyer på den fylkeskommunale himmelen. Sogn og Fjordane er så truga av sentralisering at folk må få tid til å sette seg inn i og debattere det som skjer, seier førstekandidat Jenny Følling.

– Det er mange saker som står på spel for fylket vårt, mange oppgåver er i ferd med å bli plukka vekk. Fylkeskommunen står overfor store omstillingar, og vi tenker at det er viktig å få ut bodskapen vår om at ei slik utvikling vil ikkje Senterpartiet ha.

Fire hovudsaker

Senterpartiet har lista opp fire hovudsaker i valkampen:

  • Dyrke og styrke vidaregåande opplæring i fylket.
  • Jobbe for eksisterande og nye arbeidsplassar.
  • Endre inntektssystemet for fylkeskommunen.
  • Kjempe mot sentralisering, og for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Jenny Følling seier alle desse sakene påverkar korleis det blir å bu og leve i Sogn og Fjordane.

– Vi meiner det er viktig å samle ein massiv motstand i fylket mot den retningen politikken tek no.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå