Hopp til innhold

Sp-kvinna som gler seg over ny storkommune

SANDE (NRK): Sp-politikaren Sølvi Søgnen frå Sande meiner den nye storkommunen i Sunnfjord er det beste som kunne skjedd for regionen.

Sølvi Søgnen

UVANLEG: Sølvi Søgnen frå Sande er ikkje som andre Sp-politikarar. Ho har heile tida jobba for at Jølster, Gaular, Naustdal og Førde skulle slå seg saman. På folkemøtet i Sande tysdag kveld uttrykte ho stor tru på framtida for Sande. Dette trass i at Sande ikkje lenger vil vere kommunesenter.

Foto: Johan Moen / NRK

Det var stort engasjement og om lag 130 frammøtte på folkemøtet på Sande tysdag kveld, der nettopp framtida for Sande var sett på sakskartet.

Når den nye Sunnfjord kommune trer i kraft frå 1. januar 2020 vil ikkje Sande lenger vere noko kommunesenter, men det uroar ikkje Sølvi Søgnen. Ho sit i kommunestyret for Sp i Gaular og har vore på kollisjonskurs med resten av partiet si nei-haldning til samanslåing.

– Eg trur det kjem til å sitje ein del folk på dei gamle kommunehusa også i åra som kjem. Når det gjeld skulane og sjukeheimane så kjem dei til å bli liggjande der dei er, seier ho.

Fryktar ikkje overstyring

Søgnen har ikkje noko tru på at lyset blir sløkt på Skei i Jølster, Sande i Gaular eller i Naustdal fordi dei blir samanslått med Førde.

– Du fryktar ikkje å bli overstyrt av Førde?

– Nei, det kjenner eg ingen frykt for.

Du verkar å vere ein noko uvanleg senterpartist?

– Det kan hende. Eg trur ikkje alt stort nødvendigvis er best, men eg er heller ikkje redd for at Førde skal ete opp naboane sine, seier Søgnen. Ho fortel at ho ikkje har hatt noko problem med resten av Sp-gruppa i Gaular.

– Vi har takhøgd for det meste i Gaular Senterparti, seier ho.

Fire nye selskap på nokre månader

Høgre-politikaren og forretningsmannen Jarl Tyssekvam var ein annan som var aktiv under folkemøtet. Til NRK påpeikar han at kommunestrukturen har liten innverknad for utviklinga på Sande.

Jarl Tyssekvam

OPTIMIST: Det er ingen grunn til å sjå svart på framtida for Sande fordi vi misser kommunesenteret, seier Jarl Tyssekvam. Sjølv har han investert store summar i ny matbutikk på Sande.

Foto: Johan Moen / NRK

– Her på Sande skal vi utvikle oss sjølve. For nokre månader sidan hadde ein gjeng eit møte der vi diskuterte kva vi skulle satse på. Sidan den gong er det starta fire nye bedrifter, seier ein energisk Tyssekvam.

Han viser til at både ein bilverkstad, eit varmepumpe-selskap, ein leikebutikk og ei landbruksrelatert bedrift har sett dagens lys.

– Dersom det er pågangsmot hos innbyggjarane, kan også Skei i Jølster og Naustdal sjå lyst på framtida, sjølv etter at kommunesenteret forsvinn, seier Tyssekvam.