NRK Meny
Normal

Øren Heen vil hanka inn eigne «fylkesutbrytarar»

BALESTRAND (NRK): – Framtida til Sogn og Fjordane står på spel, seier Aleksander Øren Heen (Sp) om Vik, Gulen og fem andre kommunar som kan hoppa over fylkesgjerdet.

Aleksander Øren Heen, Olav Turvoll, Hallvard Oppedal

PARTIFELLAR PÅ ULIK KURS: Aleksander Øren Heen (t.v.) mislikar at Stryn, Hornindal, Vågsøy, Selje, Aurland, Vik og Gulen vurderer kommunesamanslåingar i nabofylka. Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp) i midten og Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Senterpartiet aukar presset på kommunane i Sogn og Nordfjord som vurderer byta fylke:

– Me er redde for kva det vil bety for kommunane som blir att, seier Aleksander Øren Heen.

Øren Heen har leia eit kommunereformutval i fylkespartiet, som i helga fekk fylkesårsmøtet med på å krevja at følgjene for eit fylke av å mista kommunar må greiast ut før Stortinget skal vedta eventuelle kommunesamanslåingar neste år.

Sju kommunar trivst i nabopraten

Stryn, Hornindal, Vågsøy, Selje, Gulen Vik og Aurland er kommunar som har – eller skal – forhandla fram intensjonsavtalar med kommunar i Hordaland og Møre og Romsdal. Det kan innebera at fylket mister om lag 27 000 innbyggar.

Laster kart, vennligst vent...

KAN SKIFTA FYLKE: Sogn og Fjordane risikerer ei avskaling til Møre og Romsdal og Hordaland.

– Fer kommunar nord for Nordfjorden og sør for Sognefjorden, blir det krevjande å halda oppe viktige institusjonar i Sogn og Fjordane, som dei vidaregåande skulane, seier Øren Heen.

– Dette er ein utilsikta effekt, seier partifelle og ordførar i Vik, Olav Turvoll. Han er ein av ordførarane i Sogn og Fjordane som har gått over fylkesgrensa for å skriva intensjonsavtale – i Vik sitt tilfelle – med Voss og Aurland.

– Lettast å snu seg sørover

– Utgangspunktet mitt er kva som er best for innbyggjarane i Vik. Difor har me forhandla fram to alternativ, eitt i Sogn og eitt i Hordaland. Det er sjølvsagt ikkje noko mål for oss å demontera fylket, men samstundes er det å ikkje vera med, ein sjanse å ta, seier Turvoll.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp) står i det same dilemmaet som ordførarkollegaen i Vik. Kommunestyret har pålagt han å forhandla fram to avtalar, og i Gulen sitt tilfelle er begge med kommunar i Hordaland.

Sven Flo

SER NORDOVER: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), har signalisert at det kan bli aktuelt å bli ein del av Møre og Romsdal fylke.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Med den infrastrukturen som er komen mot sør, er det lettast å samarbeida mot Hordalandskommunane, og det er der me har mesteparten av samarbeidet i dag, seier Oppedal.

Lojaliteten til fylket

– Fylkesårsmøte sitt vedtak om å krevja utgreiing er avgjerande for å få kunnskap om konsekvensane dette vil få for Sogn og Fjordane, og det er viktig med kunnskap før Stortinget skal ta si avgjerd, seier Øren Heen.

– Men ein kommune som Vik til dømes, som kvart år pløyer mange kraftmillionar inn i fylkeskommunen, og som får ein halv tannlege tilbake i fylkeskommunal arbeidsplass – det er ikkje sikkert fylkeslojaliteten blir den største av slikt?

– Det kan godt henda. Men òg vikjene brukar fylkeskommunale vegar, bussar, båtar og vidaregåande skular, så den framstillinga er ikkje heilt dekkande. Men dette handlar om å sjå heilskapen for heile Sogn og Fjordane, seier Øren Heen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast