NRK Meny
Normal

Sp knuste Ap i Årdal

I kommunen der Arbeidarpartiet ligg på over 70 % ved alle val fekk Senterpartiet størst oppslutnad i skulevalet.

Årdal vidaregåande skule
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sp fekk 39,4 % av røystene, medan Ap måtte nøye seg med 22,9 % på Årdal vidaregåande skule.

Her er resultata med skulevalet i 2005 i parantes:

Senterpartiet 39,4 (21,5)

Arbeidarpartiet 22,9 (40,7)

Raudt 8,2 (1,7)

Høgre 7,6 (4,1)

Framstegspartiet 7,6 (13,4)

SV 3,2 (15,1)

Kystpartiet 1,8 (1,7)

Venstre 0,6 (0,0)

Kristeleg Folkeparti 0,0 (0,0)

Demokratene 0,0 (0,0)

Miljøpartiet 0,0 (0,0)

Blanke røyster 8,2 (0,5)