Hopp til innhold

Sp går mot tidenes val, blir kalla distriktspopulistar

SOGNDAL (NRK): Trygve Slagsvold Vedum har valt seg bygda og Sogndal når dei i dag startar den lange valkampen. Politisk redaktør i Bergens Tidende kallar han ein distriktspopulist.

Trygve Slagsvold Vedum, leiar for Senterpartiet

PÅ PLASS I SOGN OG FJORDANE: Partileiar Trygve Slagsvold Vedum vil gjere det endå betre i fylket han gjorde det best i 2017.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Sogn og Fjordane var det fylket vi gjorde det best i 2017. Og det er eit viktig distriktsfylke som vi i Senterpartiet brenn for å utvikle godt vidare, seier partileiaren.

Trygve Slagsvold Vedum er tidleg i gang med veljarfrieria før kommunevalet til hausten. Distriktspartiet satsar hardt på distrikta, og det har gjeve resultat, i alle fall i reine tal.

Senterpartiet har denne hausten hatt meiningsmålingar med oppslutning nær 15 prosent, ifølge Poll of Polls. Skulle dei hamne på noko i nærleiken av det også på valdagen, så må me tilbake til 1971 for å finne noko liknande. Då var det EF-kamp og 16,7 prosent enda opp med å røyste på Senterpartiet.

I notida er det andre grunnar til den høge oppslutninga om partiet, meiner Vedum.

– Folk i Noreg ønskjer å utvikle fylke slik som Sogn og Fjordane. Dei grunnleggande tenestene skal vere nært der folk bur. Eg trur mange som bur i Oslo, Trondheim og Bergen ser styrken i at me har både store og små stader i Noreg, seier han.

Distriktspopulisme

Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende, meiner Slagsvold Vedum sin politikk somme gonger glir over i distriktspopulisme.

– Eg meiner han heilt medvite spelar på ein populistisk retorikk nokre gonger. Til dømes når han snakkar om motsetnaden mellom «folk» og «elitar». Når han dreg den motsetnaden langt så meiner eg det har eit ganske tydeleg preg av populisme, seier ho.

Gudbrandsen meiner senterpartileiaren utnyttar skiljet mellom by og bygd, men at Sp heller ikkje har så mykje å tilby potensielle veljarar i byar.

– Kva seier du til dei som kallar deg populist, Slagsvold Vedum?

– Eg seier berre deg eg meiner, seier Slagsvold Vedum, og held fram:

– Når regjeringa til dømes vil ha politiet ut av Sogn og Fjordane og legge det til Bergen, så trur vi det gjev dårlegare tenester. Det handlar om å ta folk på alvor. Eg meiner det er ein folkevald si oppgåve å høyre på folket, ikkje oversjå dei, seier han.

Når Sogn og Fjordane og Hordaland om eit år blir til Vestland fylke, så kan det tvinge Senterpartiet til å famne breiare, trur Frøy Gudbrandsen.

– For å få like stor innflytelse i det nye fylkestinget så kan det tenkast at dei blir freista til å tenke nytt. Korleis skal dei få bergensarar til å stemme på dei til dømes. Ein kan like eller ikkje like bergensarane, men dei har stor påverknad på kven som styrer i Vestland, seier ho.

Trygve Slagsvold Vedum, Sigurd Reksnes

SENTERPARTI-BASTION: Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet vil ha sterke distrikt. Her er Vedum saman med fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK